Leppebjørn

pattedyrart
Leppebjørn
Leppebjørnhann
Leppebjørnhann
Leppebjørnhoe
Leppebjørnhoe
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av leppebjørn
Utbreiinga av leppebjørn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Overfamilie: Ursoidea
Familie: Bjørnefamilien Ursidae
Underfamilie: Ursinae
Slekt: Melursus
Art: Leppebjørn M. ursinus
Vitskapleg namn
Melursus ursinus

Leppebjørn (Melursus ursinus) er ein mellomstor bjørneart som held til på det indiske subkontinentet frå Sri Lanka til Nepal. Bjørnen har lang pels og er nattaktiv. Han er den einaste arten i slekta Melursus. Leppebjørnen kan minna om asiatisk svartbjørn, men dei er ikkje nært i slekt.

Skildring endre

 
Leppebjørn i Frankfurter Zoo.

Leppebjørnen veg 80–150 kg og har ei lengde på 140–190 cm. Hoa er litt mindre enn hannen. Pelsen er lang og kan variera frå svart til kastanje i farge med nokre brune eller grå hår. Snuten er kvitleg og nasen svart, medan dyret har ei y-forma markering på brystet med same farge som snuten.

Bjørnen er bygd for å grava ut insekt frå tuer, under jorda og inne i tre. Store føter med enorme klør som vender innover er gode gravereiskapar. Luktesansen er velutvikla, mens synet og høyrsla er dårlege. Snuten er særskild utvikla for å suga termittar ut av tuene sine. Han er lang og rørleg, manglar framtenner oppe, og har nakne lepper, som har gjeve bjørnen namnet sitt. Leppebjørnen kan òg eta smådyr, andre insekt, frukt og anna.

Leveområde endre

 
Leppebjørn i eit tre i nasjonalparken Yala på Sri Lanka.

Det naturlege leveområdet til bjørnen er i skogar i låglandet i India, Nepal, Bangladesh og Sri Lanka, med nokre observasjonar frå Bhutan. Det ein gong talrike dyret er blitt sjeldan, og ei tid trudde ein at bjørnen var utrydda. Totalbestanden i dag blir rekna til å vera 7 000-10 000 individ.

Det finst mellom 170 og 200 bjørnar i dyrehagar, og på grunn av problem mellom bjørnar og menneske kjem stadig nye dyr i fangenskap. Desse blir mellom anna brukt til avl for å sikra arten.

Bjørnen liker best naturlege grasmarker og skogsområde. Slike stader er i ferd med å bli borte, og saman med tjuvjakt som forsyner den alternative medisinmarknaden gjer det leppebjøren til ein truga art. Det at bjørnen kan vera aggressiv mot menneske hjelper heller ikkje framtidsutsiktene hans.

Levesett endre

Det nattaktive dyret søv i jordholer om dagen, særleg ved elvebreidder. Bjørnane søv ikkje om vinteren, men har ein kvileperiode i regntida. Dei skil seg frå dei fleste andre bjørnar ved å vera sosiale dyr som trivst i selskap med kvarandre.

Leppebjørnane parar seg i mai–juli. Paringa tek 2–7 dagar og inneber ofte mykje støy. Binna er vanlegvis drektig i 6–7 månader. Bjørnen kan også ha embryonisk diapause, der fosterutviklinga blir sett på vent ei viss tid. Studiar frå India peikar mot at det er mest vanleg at leppebjørnen parar seg i juni, medan tilsvarande studiar på Sri Lanka konkluderer med at dei parar seg året rundt.

Før fødselen søker binna til ein trygg stad, ofte ei jordhole, der ho normalt føder 1-2 ungar og ein sjeldan gong også tre ungar.[1] Ungane er blinde ved fødselen. Augo opnar seg etter fire veker.[2] Samanlikna med andre bjørneartar utviklar ungane seg rask. Dei byrjar å gå ein månad etter fødselen. Deretter følgjer dei mora i to til tre år, ofte ved å sitja på ryggen hennar. Dei er kjønnsmogne når dei er tre år gamle. Tidsrommet mellom kull kan vera to-tre år.[1]

Bjørnen påverkar økosystemet sitt ved å spreia frukttre gjennom å eta fruktene deira, og ved å halda termittbestanden nede.

Bjørn og menneske endre

 
Leppebjørn i fangenskap i Pushkar.

Bjørnetemming har lange tradisjonar i India, og leppebjørnar er blitt fanga og trente til å opptre som «dansande bjørnar» av dei nomadiske kalandarfolka. Praksisen med å trekka ei snor gjennom snuten på bjørnen og tvinga han til å opptre for folk blir i dag rekna som dyreplageri, og er i dag ulovleg i India.

I den alternative medisinen er det særleg galleblæra på bjørnen som blir verdsett.

Bjørnen er vanlegvis fredeleg, men er meir aggressiv enn andre bjørnar. Han er kjent for å forsyna seg av avlingar, og blir han forstyrra av menneske då kan han gå til åtak. Situasjonen har blitt verre etter kvart som fleire menneske har busett seg og dyrka land i bjørneområde. I tida 1989–1994 blei det registrert 735 åtak på menneske frå leppebjørn; 48 av desse førte til at menneska døydde.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Brown, Gary (1993). The Great Bear Almanac. Lyons & Burford. ISBN 1558212108. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Finn, F. (1929). Sterndale's Mammalia of India. A New and Abridged Edition, thoroughly revised and with an Appendix on the Reptilia. Calcutta and Simla: Thacker, Spink & Co. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Leppebjørn