Gulduskparakitt

art av papegøyefuglar
(Omdirigert frå Leptosittaca)
Gulduskparakitt
Gulduskparakitt
Gulduskparakitt
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gulduskparakitt
Utbreiinga av Gulduskparakitt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Stamme: Arini
Slekt: Leptosittaca
Art: Gulduskparakitt L. branickii
Vitskapleg namn
Leptosittaca branickii

Gulduskparakitt (Leptosittaca branickii) er ein stor, langhala neotropisk papegøye som lever i høgtliggande habitat langs Andesfjella frå sentrale Colombia i nord til sørlege Peru i sør. Dette er den einaste arten i slekta Leptosittaca. Han har ikkje underartar.

Skildring endre

Gulduskparakitten er ein stor og langhala parakitt på ca. 36-38 cm og med kroppsvekt på i overkant av 150 gram. Vaksne parakittar med gulduskparakittar er for det meste lysegrøne med oransjegul stripe frå nebb bakover under auget og ender i ein liten gyllen gul dusk bak auget. Buken har ei bleikare gulaktig farge med spreidde raudoransje fjører. Gulduskparakitten har gulaktige svingfjører på undersida av vengen og dessutan sterkt raudlege fargefjører på undersida av halen. Nebbet er mørk grått. Unge gulduskparakittar minner sterkt om dei vaksne, men buken deira har ein lysare grøn, gul og oransje farge i tillegg til å ha bleikrosa nebb.

Habitatet ligg høgt i tåkeskog, utbreiingsområdet er fragmentert langs Andesfjella, så langt nord som inn i ekstremt sørlege Antioquia-departementet i Colombia og så langt sør som nordaustskråninga av Andes i ekstremt sørlege Madre de Dios-regionen i Peru. I Colombia er dei avgrensa til begge sider av den sentrale Andesfjellkjeda, i Ecuador og Peru berre langs austskråninga. Høgdnivået er mest vanleg mellom 2400 og 3400 moh., men dei kan òg treffast litt under og over dette nivået.

Gulduskparakittar held seg vanlegvis i grupper på 5-15 og kan sjåast i grupper med så mykje som 35-40 fuglar. Dei lever truleg som streiffuglar med eit nomadisk rørslemønster, forlèt reiret når ungane har floge ut og kjem tilbake neste hekkesesong.

Føda er frø og frukter frå ei rekkje treslag, inkludert konglar på Podocarpus-artar, bartreslag i gultrefamilien.

Lætet deira er ein skingrande lyd som dei gjer under flukt og medan dei sit, og dei kan høyrast heile året, men oftast i hekkesesongen.

Status endre

Skadde og fragmente habitat er dei to hovudtruslane som årsakar ein nedgang i talet gulduskparakittar i Ecuador. Globalt er det rundt 7 300-20 000 modne vaksne parakittar igjen i dag som følgje av fragmentering og tap av habitat. Populasjonen er venta å minke med 2 % per 10 år. Arten oppfyller likevel ikkje kravet til raudlisting og er derfor kategorisert som livskraftig, LC.[1]

Mårdyr har vore observerte som predatorar, både på vaksne gulduskparakittar på reirplass og på egg. Bier har vore kjende for å invadere tomme reir, så vel som aktive reir med ungar.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger dels på «Golden-plumed parakeet» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2023
  • Williamson, J. L. (2020). Golden-plumed Parakeet (Leptosittaca branickii), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.goppar1.01
  • Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, s. 188, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
Referansar
  1. BirdLife International (2023) Species factsheet: Leptosittaca branickii, henta 30. desember 2023

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gulduskparakitt