Opna hovudmenyen
Liege & Lief
Studioalbum av Fairport Convention
Utgjeve Desember 1969
Innspelt 16., 19., 22. og 29. oktober og 1. november 1969
Studio Sound Techniques i London
Sjanger Folkrock[1][2]
Lengd 40:33
Selskap Island ILPS 9115 (Storbritannia)
A&M SP 4257 (USA)
Produsent Joe Boyd
Fairport Convention-kronologi
Unhalfbricking
(1969)
Liege & Lief Full House
(1970)


Liege & Lief er det fjerde albumet til den engelske folkrockgruppa Fairport Convention og kom ut i 1969. Albumet består av tradisjonelle songar og melodiar, i lag med originale songar skriven i same stil. Instrumenta er ei blanding av akustiske og elektriske instrument og Sandy Denny syng solovokal på dei fleste songane. Albumet vart særs viktig og gjorde mykje får å etablere britisk folkrock som ein eigen sjanger.[5][6]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
The Village VoiceB–[4]

Innhaldsliste

HistorieEndra

Etter at ei bilulukke hadde teke livet av Martin Lamble, stod bandet utan trommeslagar. Etter at Unhalfbricking kom ut, tok Dave Mattacks over, og etter å ha tidlegare spelt med Mecca Ballrooms, måtte han «lære seg ein heilt ny trommestil»[7] Dave Swarbrick, som var noko eldre enn resten av bandet, hadde alt spelt i ein suksessfull duett med gitarist Martin Carthy. Etter at han deltok på Unhalfbricking vart han fulltidsmedlem av Fairport.

Bandet byrja å øve og sette i saman Liege & Lief i løpet av sommaren 1969 i eit hus i Farley Chamberlayne, nær Winchester. Albumet vart lansert med ein utseld konsert i Royal Festival Hall i London seint i 1969.

Borte var songane av Bob Dylan og andre musikarar, og desse var erstatta av elektriske versjonar av tradisjonelle engelske folkeviser go den første av ei lang rekkje instrumentale medleyar av folkedansmelodiar driven av fiolinen til Dave Swarbrick. Dei fleste av songane var henta til bandet av Ashley Hutchings frå samlinga til Cecil Sharp, som ein fann i English Folk Dance and Song Society.

Tittelen består av dei middelengelske orda liege som tyder «lojal»[8] og lief som tyder «klar».[5][9] Plateomslaget var i grått og rosa, og består av ei skisse av bandet.

Kort tid etter at Liege & Lief kom ut, forlet Ashley Hutchings bandet for å spele meir tradisjonell musikk i det nye bandet sitt, Steeleye Span; Sandy Denny forlet òg bandet og starta Fotheringay.

I 2007 kom det doble Liege and Lief Deluxe Edition ut. Den andre plata bestod hovudsakleg av konsertopptak frå BBC og to stilmessige ukarakteristiske unytta songar, Frank Sinatra-songane «The Lady Is a Tramp» og «Fly Me to the Moon».[10]

Mottaking og påverknadEndra

 
Gjenforeining frå august 2007 Foto: Brian Marks

Liege & Lief vart promotert av John Peel på radioprogrammet hans Top Gear[11] og albumet låg femten veker på den britiske albumlista, med 17. plass som høgaste plassering.[12]

Kritikaren til AllMusic oppsummerte albumet med «sjølv om det var det mest folk-orienterte albumet til Fairport Convention til då, så rocka det òg hardt på ein gjennomført original og kompromisslaus måte».

Albumet fekk stor innverknad på utviklinga av britisk folkrock. Det vart stemnd fram som «det viktigaste folkemusikkalbumet gjennom tidene» av lyttarane på BBC Radio 2 i 2002, og i 2006 vann det prisen som viktigaste folkemusikkalbum gjennom tidene på same kanal. For denne hendinga møtte dei originale medlemmene Simon Nicol, Richard Thompson, Ashley Hutchings, Dave Swarbrick, Dave Mattacks, med Chris While for Sandy Denny, for å spele «Matty Groves». Georgia Lucas, dottera til Sandy Denny og Trevor Lucas, tok imot prisen på vegne av den avdøde mora. 10. august 2007 spelte badnet heile albumet under Cropredyfestivalen.

I juni 2007 sette Mojo albumet på 58. plass på lista deira over «100 plater som endra verda».[13]

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Come All Ye»  Sandy Denny, Ashley Hutchings 04:55
2. «Reynardine»  trad., arr. Fairport 04:33
3. «Matty Groves»  trad., arr. Fairport 08:08
4. «Farewell, Farewell»  Richard Thompson[14] 02:38
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
5. «The Deserter»  trad., arr. Fairport 04:10
6. «Medley» (The Lark in the Morning - Rakish Paddy - Foxhunters' Jig - Toss the Feathers)trad., arr. Dave Swarbrick 04:00
7. «Tam Lin»  trad., arr. Swarbrick 07:20
8. «Crazy Man Michael»  Thompson, Swarbrick 04:35
Bonusspor
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
9. «Sir Patrick Spens» (sungen av Sandy Denny, i motsetnad til den seinare versjonen som finst på Full House)trad., arr. Fairport 04:00
10. «Quiet Joys of Brotherhood» (alternativt opptak frå Who Knows Where the Time Goes?-boksen til Sandy Denny)trad., arr. av Denny, Thompson, Swarbrick, Dave Mattacks, tekst av Richard Fariña; 10:17

Plate to: Unytta studioopptak og BBC-innspelignarEndra

Gjeven ut i 2007.

# Tittel Lengd
1. «Sir Patrick Spens» (Med Sandy Denny på vokakl) 03:59
2. «The Quiet Joys of Brotherhood» (Opptak 4) 05:59
3. «The Ballad of Easy Rider»   04:53
4. «Tam Lin» (BBC) 07:46
5. «Medley»   04:13
6. «Sir Patrick Spens»   03:44
7. «Reynardine» (BBC) 04:19
8. «The Quiet Joys of Brotherhood» (Opptak 1) 07:50
9. «The Lady Is a Tramp» (BBC) 02:11
10. «Medley» («The Lady Is a Tramp» og «In Other Words (Fly Me to the Moon)» - gøymd spor) 02:21

MedverkandeEndra

ProduksjonEndra

  • Produsert av Joe Boyd for Witchseason Productions, Ltd.
  • Innspelt i Sound Techniques Ltd., London
  • Lydteknikar: John Wood
  • Fotografi – Eric Hayes
  • Plateomslag og design – Fairport & Roberta Nicol
  • Designkoordinering – Diogenic Attempts Ltd

KjelderEndra

  1. Fielder, Hugh (19. september 2016). «The 10 Essential Folk Rock Albums». Classic Rock. TeamRock. Henta 25. september 2016. 
  2. «20 Best Folk Music Albums of All Time». NME. Time Inc. UK. 7. juni 2016. Henta 27. mars 2019. 
  3. Deming, Mark. «Fairport Convention - Liege & Lief | AllMusic». allmusic.com. Henta 18. juli 2017. 
  4. Christgau, Robert (30 July 1970). «Consumer Guide (12)». The Village Voice (New York). Henta 14 April 2013. 
  5. 5,0 5,1 Harris, John (3. august 2007). «There was a manic feeling in the air». The Guardian. Henta 26. januar 2011. 
  6. «The seventh BBC Radio 2 Folk Awards (2006)». BBC Radio 2. Henta 26. januar 2011. 
  7. «Simon Nicol writes about Fairport Convention». Henta 26. januar 2011. 
  8. «Liege». Henta 26. januar 2011. 
  9. «Lief». Henta 26. januar 2011. 
  10. «Netrhythms : A to Z Album and Gig Reviews». Henta 26. januar 2011. 
  11. «Features: The Liege & Lief Story». Henta 26. januar 2010. 
  12. Den britiske salslista
  13. «MOJO - (June 2007) 100 Records That Changed the World». Henta 26. juni 2011. 
  14. dette er musikken til Child Ballad 100 Willie o Winsbury med ny tekst eller kanskje Fause Foodrage - Child #89 - melodien vartn ytta av Andy Irvine for hans opplesing av Willie O' Winsbury. Penney, Stuart; Savage, Chris (November, 1996). «Strike Me Pink!». Record Collector (207): 129.