Ligangaren

Ligangaren er ein gangar i 2/4-takt som skriv seg frå Telemark. Hardingfeleverket har trykt tre variantar av slåtten. Dei to med namnet Ligangaren er båe etter Torkjell Haugerud frå Seljord.

Haugerud fekk slåtten av spelemannen Halvor Flatland eller Halvor Li, som han og vart kalla, i 1890. Flatland hadde lært slåtten av Myllarguten i 1860, og slåtten skal vera forma ut av han.

I Vest-Telemark finst Ligangaren i form etter Olav R. Berge frå Rauland. Her er slåtten kalla Kjosegangaren, og tradisjonen fortel at Jon Kjos var opphavet til slåtten.

Arne Bjørndal skreiv ned slåtten etter Haugerud i 1911 (B 127) [1]. Seinare,(1955) gjorde Eivind Groven ei nedskrift etter opptak i NRK (G 1077) [2]. Det er nokre avvik i desse nedskriftene, noko som minner om at Torkjell Haugerud nok hadde brigda på slåtten i løpet av livet. Han spela heller ikkje likt frå gong til gong.

Den tredje forma i Hardingfeleverket er skriven ned etter Knut Heddi frå Rysstad i Setesdal (Arne Bjørndal 1917 b 174) [3]. Heddi hadde slåtten etter broren Andres. Denne slåtten er noko knappare enn dei hine.

Formene etter Haugerud er store, og i dei finst det vandretak som er teke opp i andre slåttar.

Bakgrunnsstoff:

Gregar Nordbø skreiv ein artikkel i Spelemannsbladet nr. 5 1949, Korleis Ligangaren blei til. I same nummeret fekk Torkjell Haugerud trykt si eiga nedskrift av slåtten.

.