Liljekonvall

planteart

Liljekonvall (Convallaria majalis) er ein 15 cm høg plante i liljekonvallslekta i aspargesfamilien med store grøne blad og kvite klokkeblomstrar som dannar raudgule bær. Konvallfamilien var tidlegare rekna som ein eigen familie, Convallariaceae.[1][2]

Liljekonvall
Liljekonvall
Liljekonvall
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Nolinoideae
Slekt: Liljekonvallslekta Convallaria
Art: Liljekonvall C. majalis
Vitskapleg namn
Convallaria majalis

Utsjånad

endre

Liljekonvallen har ein lang, greina jordstengel med nokre få, kraftige røter. Over jorda har han skot med eit par raudfiolette lågblad og to store grøne blad med bogeforma nervar. Dei kvite hengande klokkeblomstrane sit i hjørnet av bitte små skjelforma høgblad.

Frukta vert eit raudgult bær som er delt i tre rom. Bæret er, som resten av planten, giftig.

Liljekonvallen lukter godt, og både lukta og utsjånaden gjer han til ein populær bukettblome.

Utbreiing

endre

Liljekonvallen veks i småskog og solvarme lier, i Noreg nord til Dønnes og Nord-Rana. På Hardangervidda veks han opp i 1245 meters høgd.[1]

Liljekonvallen er noko basekrevjande, slik at han ikkje trivst på sur jord.

Kultur

endre

Namnet liljekonvall er ei litterær nylaging, henta frå det gamle latinske namnet på planten, som første gong vart nytta for snart 500 år sidan, Lilium convallium, som omsett tyder 'lilja frå dalane'. Eit gammalt folkeleg norsk namn var rams.

Liljekonvallen er fylkesblomster i Østfold og nasjonalblomster i Finland.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 226. 
  2. «Artsdatabanken: Liljekonvall». Artsdatabanken. 7. mars 2023.