Linford Cicero Christie (fødd 2. april 1960) er ein tidlegare sprintar som representerte Storbritannia. Han var den fyrste europearen som sprang 100 meter på under 10 sekund.

Linford Christie


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 2. april 1960 (64 år)
Saint Andrew Parish
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Samveldeleikane 1994

Utmerkingar

offiser av Den britiske imperieordenen, Bislett-medaljen, BBC Sports Personality of the Year Award, medlem av Den britiske imperieordenen

Karriere endre

Linford Christie vart fødd i Saint Andrew på Jamaica og vart oppdregen av bestemor si der. Sju år gamal forlèt han Jamaica og flytte til London, der foreldra hans hadde busett seg fem år tidlegare. Sjølv om han gjorde det svært bra i idretten i oppveksten, starta han ikkje med aktiv friidrett før 19-årsalderen. Christie greidde ikkje å kvalifisera seg til sommar-OL 1984, men med Ron Roddan som trenar tok han til å gjera stor framgang.

I 1986 vart Christie den overraskande europameisteren på 100 meter sprint i Roma. Under Samveldeleikane kom han på andreplass bak Ben Johnson frå Canada. I 1987 kom Christie på fjerdeplass under VM i friidrett, men då vinnaren Ben Johnson vedgjekk dopingbruk, gjekk bronsemedaljen til Christie.

Sommar-OL 1988 i Seoul vart dei fyrste olympiske leikane for Linford Christie. Nemnte Ben Johnson vart vinnaren av 100 meter sprint, men vart seinare diskvalifisert grunna doping. Andreplassen, Carl Lewis frå USA fekk difor gullet og Christie vann olympisk sølv. Christie vart sjølv også mistenkt for dopingbruk under desse leikane, men ingenting vart prova. Han deltok også på kvalifiseringa til 200 meter sprint, og var med på stafettlaget som skaffa sølv til Storbritannia på 4 x 100 meter.

Christie heldt fram med å gjera det bra som sprintar, særleg i EM og innandørs-EM. I 1992 var det tid for sommar-OL 1992 i Barcelona. Christie vart no olympisk meister på 100 meter sprint, 32 år gamal. Han var den tredje briten i verdshistoria som oppnådde dette, og gjorde det på tida 9,96. Erkerivalen og den dåverande verdsrekordhaldaren Carl Lewis deltok ikkje på 100 meter under Barcelona-leikane.

I 1993 vart Christie også verdsmeister på 100 meter sprint i Stuttgart på tida 9,87. Dette er gjeldande britisk rekord og var europeisk rekord fram til portugisaren Francis Obikwelu slo han med éin hundredel i 2004.

Linford Christie sin karrierre gjekk nedoverbakke etter 1994. Han deltok under sommar-OL 1996 i Atlanta, men vart diskvalifisert frå 100 metersfinalen etter at han hadde tjuvstarta to gonger. Ved ein tilfeldig narkotikatest i Dortmund i 1999 vart det funne nandrolon i kroppen hans, og han vart straffa frå IAAF med to års utestenging frå idretten. Han har ikkje vore aktiv som toppidrettsmann etter dette.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre