Listen to the Music

Listen to the Music
Singel av The Doobie Brothers
B-side

Toulouse Street

Utgjeve 19. juli 1972
Innspelt 1971-72
Studio Warner Bros. Studios i Nord-Hollywood i California
Sjanger Rock
Lengd 4:44 (album)
3:47 (singel)
3:26 (45-utgåva)
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Tom Johnston
Produsent Ted Templeman
The Doobie Brothers-kronologi 
«Nobody»
(1971)
Listen to the Music «Jesus Is Just Alright»
(1972)


«Listen to the Music» er ein song spelt inn av The Doobie Brothers på det andre albumet deira, Toulouse Street i 1972. Songen var skriven av Tom Johnston og vart den første hitten til The Doobie Brothers.

Song endre

Tom Johnston skildra motivasjonen bak songen som eit rop om verdsfred: «Akkordstrukturen i songen fekk meg til å tenkje på noko positivt, så teksten kom ut var basert på denne utopiske ideen om at viss berre leiarane i verda kom saman på ein graskledd ås ein stad og anten røyka nok dop eller berre sat seg ned og lytta til musikk og gløymde alt dette andre tullet, så ville verda blitt ein betre stad. Det var særs utopisk og særs urealistisk. Det verka som ein god idé den gongen.»[1]

På studioinnspelinga vart det nytta både banjo og ein markant flanging-effekt, som ein kan høyre frå mellomspelet til songen tonar ut.Patrick Simmons, den andre gitaristen og vokalisten i gruppa, syng mellomspelet på songen.

Då songen kom ut på singel på Warner Bros. Records, nådde songen 11. plassen på Billboard Hot 100 i november 1972.[2] Den kommersielle suksessen til «Listen to the Music» drog albumet Toulouse Street med seg oppover lista. Songen er blitt mykje spelt på radioformata adult contemporary og classic rock i USA. Bandet brukte òg å spele songen mykje som ekstranummer på konsertane sine.

I juni 2020 gav fire av bandmedlemmane ut ein akustisk versjon av songen på YouTube[3], der kvar av dei spelte heimefrå under koronavirus-pandemien.

Medverkande endre

The Doobie Brothers:

Andre medverkande:

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1972) Plassering
Australia KMR 50
Belgia [4] 27
Canada RPM Top Singles[5] 3
Irland (IRMA)[6] 23
Nederland [4] 7
UK 29
US Billboard Hot 100[7] 11
US Cash Box Top 100[8] 9

Årslister endre

Liste (1972) Plassering
US Opus 78
US (Joel Whitburn's Pop Annual)[9] 102

Remiks endre

Songen vart remiksa av Steve Rodway a.k.a. Motiv8 i 1994, og nådde då 37. plassen på den britiske singellista.[10]

Andre versjonar endre

«Listen to the Music» vart spelt av Sonny & Cher i 1973 på albumet deira Mama Was a Rock and Roll Singer, Papa Used to Write All Her Songs, og av The Isley Brothers i 1973 på albumet 3 + 3.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Mastropolo, Frank (29. november 2012). «Doobie Brothers' Tom Johnston Reflects on 'Listen to the Music' at 40». Ultimate Classic Rock. Henta 1. november 2020. 
  2. «The Doobie Brothers - Chart history». Billboard. Henta 1. november 2020. 
  3. https://www.youtube.com/watch?v=etGV7D3hYoY
  4. 4,0 4,1 «The Doobie Brothers - Listen to the Music». Dutch Charts. Henta 30. juni 2019 – via Google Translate. 
  5. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 7. oktober 2016. 
  6. "The Irish Charts – Search Results – Listen to the Music". Irish Singles Chart. Retrieved 11. juli 2017.
  7. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  8. «Cash Box Top 100 Singles, 11. november 1972». Tropicalglen.com. 11. november 1972. Arkivert frå originalen 11. mai 2018. Henta 30. juni 2019. 
  9. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  10. Zywietz, Tobias (22. mars 2005). «Chart Log UK: Dio - Dyverse». Chart Log UK. The Official Zobbel Website. 

Bakgrunnsstoff endre