Liu Hong (fødd 12. mai 1987) er ein kinesisk kappgjengar frå Anfu i Jiangxi-provinsen som i 2015 vart verdsmeister og i 2016 olympisk meister i 20 kilometer kappgang. Tidlegare har ho vunne distansen to gongar i asialeikane og teke VM-sølv og to VM-bronsar i same.

Liu Hong


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 12. mai 1987 (36 år)
Anfu
Idrett friidrett
Tok del i

Asialeikene 2006, Asialekene 2010, Friidrett under Sommer-OL 2008 – 20 kilometer kappgang damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 20 kilometer kappgang damer, Friidrett under Sommar-OL 2016 – 20 kilometer kappgang kvinner, Friidrett under Sommar-OL 2020 – 20 km kappgang kvinner

Aktiv endre

Liu vann 20 km ved asialeikane 2006 i Doha, ein prestasjon ho gjentok i Guangzhou i 2010. Under sommarleikane 2008 på kinesisk heimebane vart nummer fire, fem sekundar bak bronsevinnaren. Året etter vann ho sjølv bronsen då verdsmeisterskapen fann stad i Berlin. I 2011 gjekk Liu i mål på tida 1.30.00 ved VM i Doha, 18 sekundar bakom Olga Kaniskina frå Russland, ein utøvar som fire år seinare vart frådømd gullmedaljen. I London-OL 2012 kopierte Liu fjerdeplassen frå førre sommar-OL, medan det vart bronse på henne i friidretts-VM 2013 i Moskva.

Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing vann Liu gullmedaljen på same tid som landskvinna Lü Xiuzhi, som vart dømd til sølvmedaljør. Liu si gullmedalje var den einaste som gjekk til arrangørlandet. Også under dei olympiske leikane 2016 gjekk Liu inn til gullmedalje, med eit forsprang på to sekundar til María Guadalupe González frå Mexico.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • «Liu Hong» (på engelsk). Olympedia. Henta 7. mars 2023.