Live Killers
Live Killers Konsertalbum av Queen | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. juni 1979 | |
Innspelt | Januar–mars 1979 i Europa | |
Sjanger | Hardrock[1] | |
Lengd | 90:08 | |
Selskap | EMI / Parlophone (Europa) Elektra / Hollywood (USA) | |
Produsent | Queen | |
Queen-kronologi | ||
---|---|---|
Live Killers | Live Magic (1986) | |
Singlar frå Live Killers | ||
|
Live Killers er eit konsertalbum av det britiske rockebandet Queen, opphavleg gjeve ut 22. juni 1979.[7]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Record Mirror | (positiv) [3] |
Rolling Stone | (negativ) [4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
Smash Hits | 3½/10[6] |
Bakgrunn
endreAlbumet vart spelt inn live i Europa under Jazz-turneen til Queen, mellom januar og mars 1979. I følgje boka Queen Live - a Concert Documentary av Greg Brooks, er «Don't Stop Me Now», «Spread Your Wings» og «Brighton Rock» frå Stadthalle i Bremen den 20. januar. «Death On Two Legs» er frå Sporthalle i Köln den 1. februar. «Sheer Heart Attack» er frå Rudi Sedlmayer Halle i München den 11. februar. «'39» og «Now I'm Here» er frå Festhalle i Frankfurt den 2. februar, og det same er «Love Of My Life» som vart stadfesta i teksten på omslaget til DVD-utgjevinga Greatest Video Hits 1. Det er ikkje kjend kvar resten av songane kjem frå. Brian May sjølv har sagt at han ikkje hugsar kvar hen kvar song kom i frå.
Albumet vart produsert av bandet sjølv og det var det første dei miksa i det nye studioet sitt, Mountain Studios i Montreux i Sveits.[7]
Gitaristen Brian May og trommeslagaren Roger Taylor sa seinare i det amerikanske radioshowet In the Studio with Redbeard at bandet hadde miksa Live Killers på eiga hand og ikkje var nøgd med det endelege resultatet.
Trass i dette nådde albumet tredjeplassen på UK Albums Chart og 16. plassen på Billboard 200 i USA. Det har seld til dobbel platina i USA.[8][9]
I områda utafor USA, Europa og Canada, gav Elektra Records ut ei kortare, redigert utgåve av albumet i 1985, kalla Queen Live.
1994-utgåva av albumet kom utan betra lyd, men i 2001 vart albumet remastra med betre lydkvalitet.
Innhald
endreSide ein
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «We Will Rock You (fast version)» | 3:18 |
2. | «Let Me Entertain You» | 3:15 |
3. | «Death on Two Legs (Dedicated To...)» | 3:31* |
4. | «Killer Queen» | 1:59 |
5. | «Bicycle Race» | 1:28 |
6. | «I'm in Love with My Car» | 2:08 |
7. | «Get Down, Make Love» | 4:31 |
8. | «You're My Best Friend» | 2:08 |
Side to
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Now I'm Here» | 8:42 |
2. | «Dreamer's Ball» | 3:44 |
3. | «Love of My Life» | 4:57 |
4. | «'39» | 4:26 |
5. | «Keep Yourself Alive» | 4:02 |
Side tre
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Don't Stop Me Now» | 4:28 |
2. | «Spread Your Wings» | 5:17 |
3. | «Brighton Rock» | 12:13 |
Side fire
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Bohemian Rhapsody [intro: Mustapha]» | 6:02 |
2. | «Tie Your Mother Down» | 3:40 |
3. | «Sheer Heart Attack» | 3:35 |
4. | «We Will Rock You» | 2:48 |
5. | «We Are the Champions» | 3:27 |
6. | «God Save the Queen» | 1:31 |
Singlar
endre- «Love of My Life» (opptak frå Festhalle Frankfurt, 2 Feb 1979 - redigert versjon)/«Now I'm Here» (opptak frå Festhalle Frankfurt, 2. feb 1979)
- «We Will Rock You» (Fast Version) (Live)/«Let Me Entertain You» (Live) – Elektra E46532; utgjeve august 1979
Lister
endreLand | Lister | Sal | ||
---|---|---|---|---|
Plassering | Veker | Salstrofé | Sal | |
Austerrike | 3 | 12 | Gull | 40 000 |
Storbritannia | 3 | 27 | Gull | 380 000 |
Tyskland | 4 | Gull | 450 000 | |
Japan | 9 | 250 000 | ||
Nederland | 10 | 80 000 | ||
Noreg | 10 | 7 | 100 000 | |
Sverige | 15 | 4 | 50 000 | |
USA | 16 | 14 | Platina (2x) | 2 500 000 |
Sveits | 34 | 2 | Gull | 10 000 |
Canada | 150 000 |
Medverkande
endre- Freddie Mercury - solovokal, piano
- Brian May - gitarar, korvokal
- Roger Taylor - trommer, tamburin, pauke, korvokal, solovokal på «I'm In Love With My Car»
- John Deacon - bassgitar, korvokal, triangel
Produksjon
endre- Master laga av George Marino på Sterling Sound, NYC
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Live Killers» frå Wikipedia på engelsk, den 1. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Queen - Live Killers». AllMusic. Henta 12. juli 2014. «...Other hard rock highlights soon follow, such as...»
- ↑ Live Killers på Allmusic
- ↑ «1979.06.xx - Record Mirror - UK - Killer Queen - QueenCuttings.com - Welcome on board!». QueenCuttings.com. Arkivert frå originalen 1. oktober 2011. Henta 28. februar 2012.
- ↑ Fricke, David (6. september 1979). «Live Killers». Rolling Stone. Henta 10. juni 2012.
- ↑ «Queen: Album Guide». Rolling Stone. Henta 10. juni 2012.
- ↑ Starr, Red. «Albums». Smash Hits (July 12–25 1979): 25.
- ↑ 7,0 7,1 Live Killers Ultimate Queen. Henta 230. juli 2016
- ↑ RIAA – Gull and Platina Recording Industry Association of America Henta 230. juli 2016
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited