Killer Queen
Singel av Queen
frå albumet Sheer Heart Attack
A-side

«Flick of the Wrist»

Språk engelsk
Utgjeve 21. oktober 1974
Innspelt 1974, Trident Studios
Sjanger
Lengd 3:00
Selskap EMI (UK), Elektra (US)
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Roy Thomas Baker, Queen
Queen-kronologi 
«Seven Seas of Rhye»
(1974)
Killer Queen «Now I'm Here»
(1975)


«Killer Queen» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Det var den første store internasjonale hitten deira, og nådde andreplassen i Storbritannia og 12. plassen i USA.[3] Han var skriven av frontmannen Freddie Mercury og kom ut på det tredje albumet deira, Sheer Heart Attack, og seinare på det første samlealbumet deira, Greatest Hits.[4]

Songen handlar om ein luksusprostituert.[3] Han har blitt skildra som «Mercury sin pianodominerte hymne til ein Moët-drikkande kurtisane».[5] AllMusic skildra songen som den byrjinga på «radiostilen» til Queen, og «sender minnene attende til gamle kabaret-songar, men syner òg korleis Queen raskt vart meistrar av power pop».[3] Rockehistorikaren Paul Fowles har skrive at «Killer Queen», med sine «sjuskete Paris-aktige bilete», lèt Mercury «unike rocketeater» få «frie tøylar».[6] Songen vann Mercury hans første Ivor Novello-pris.[7]

Bakgrunn og utgjeving endre

Då han kom ut som singel, vart «Killer Queen» det store gjennombrotet til Queen med ein andreplass i Storbritannia og 12. plass i USA.[8][9] Han vart gjeven ut som ei dobbel A-side i Storbritannia, USA og Canada (der han nådde 15. plassen på RPM 100),[10] med songen «Flick of the Wrist». I 1986 vart han gjeven ut som B-side til «Who Wants to Live Forever».[11] Songen var eit steg til side for dei tyngre songane frå dei to første albuma til bandet, i tillegg til byrjinga på ein meir stilmessig tilnærming til låtskrivinga. Samstundes hadde «Killer Queen» essensen i Queen-stilen, særleg dei grundige vokalharmoniane. I følgje magasinet Q er gitarsoloen på «Killer Queen», den nest beste gjennom tidene.

Mercury har sagt at han skreiv teksten før melodien og musikken, noko han vanlegvis gjorde motsett veg. Innspelinga består av omstendelege firedelte harmoniar (særleg i refrenga), og i koret på versa. og ein gitarsolo i fleire spor av Brian May. Det første verset i songen inneheld eit sitat som ofte (feilaktig) er sagt å kome frå Marie Antoinette: «Let them eat cake,» she says, Just like Marie Antoinette. Melodien liknar ein kjend fransk song frå 1800-talet, kalla «Les Champs-Élysées», som igjen er basert på ein engelsk song kalla «Waterloo Road».

Innspeling endre

Utanom flygelet, speler Mercury på eit vanleg piano, for å gje songen ein varieté-stil. På eit tidspunkt er det to markante bassgitarlinjer. I motsetnad til dei to første Queen-albuma, vart songen delvis spelt inn utafor England, i Rockfield Studios i Wales.[12]

Konsertversjonar endre

Songen vart spelt på konsertane deira frå 1974 til 1978 som ein del av ein medley.[13][14][15][16] I 1974-75 vart songen spelt etter «In the Lap of the Gods»,[13] og i 1975–76, vart songen spelt etter «Bohemian Rhapsody» medan «The March of the Black Queen» vanlegvis følgde.[14] I 1977 vart songen spelt som introduksjonen til ein medley, etterfølgd av «Good Old-Fashioned Lover Boy»,[16] og i 1978 før «Bicycle Race».[17] I 1979 spelte bandet det meste av songen, og etter gitarsoloen var over, opningstaktane av «I'm in Love with My Car».[18] Songen vart spelt i Montreal Forum i Quebec i Canada i november 1981, og vart gjeven ut på konsertalbumet Queen Rock Montreal.[19] I 1984 og 1985, under The Works-turneen, vart han igjen spelt i ein medley med ein forkorta versjon av «Somebody to Love».[20] Seinare laga dei ein video av opptaket deira frå 974 på Top of the Pops.

I 2015 vart han spelt i ein medley med «Bohemian Rhapsody» på Queen & Adam Lambert Rock Big Ben Live av Queen + Adam Lambert.

Slutten på songen vart aldri spelt på konsert av Queen.

Ettermæle endre

Den amerikanske popsongaren Katy Perry har nemnt «Killer Queen» som ei viktig inspirasjonskjelde og sa «Eg oppdaga musikk med Queen-songen 'Killer Queen' og han var medverkande til at eg fann meg sjølv som 15-åring. Måten Freddie Mercury formidlar teksten fekk meg til å kjenne meg som ei sjølvsikker kvinne»[21]

Lister endre

Vekeslister endre

Liste (1974–75) Plassering
Australia[22] 24
Austerrike[23] 10
Belgia [treng kjelde] 4
Canadian RPM Top Singles[24] 15
Nederland[25] 3
Frankrike[treng kjelde] 10
Tyskland[26] 12
Irland[27] 2
Noreg[28] 4
UK[29] 2
U.S. Billboard Hot 100[30] 12
U.S. Cash Box Top 100[31] 12
WLS survey (Chicago)[32] 1

Årslister endre

Liste (1974) Plassering
UK[33] 27
Liste (1975) Plassering
Australia [22] 105
Canada[34] 132
U.S. Billboard[35] 78
WLS survey (Chicago)[36] 6

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[37] Sølv 250 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. «10 Essential Glam Rock Albums». Treblezine. 6. juni 2012. Henta 10. juni 2016. «cheeky art-pop romps ("Killer Queen")» 
  2. «Top 10 Freddie Mercury Queen Songs». Ultimate Classic Rock. Henta 10. juni 2016. «three near-perfect minutes of orgiastic heavy glamrock» 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Prato, Greg. «Song Review by Greg Prato». AllMusic. Henta 10. juni 2016. «the song recalls the cabaret songs of yesteryear, but also shows how Queen was fast becoming a master of power pop» 
  4. Queen: Greatest Hits Allmusic. Henta 10. juni 2016
  5. Monahan, Mark (30 Oktober 2015). «Why we still can't get enough of Queen». The Daily Telegraph. Henta 10. juni 2016. 
  6. Fowles, Paul (2009). A Concise History of Rock Music. Mel Bay Publications, Inc. s. 244. ISBN 978-0786666430. 
  7. «Queen - forty years of glam-rocking genius». NME. 11. mars 2011. Henta 10. juni 2016. 
  8. Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard Books
  9. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited
  10. Top Singles - Volume 23, No. 14, 31. mai 1975 Library and Archives Canada
  11. Who Wants To Live Forever Ultimate Queen. Henta 19. mai 2016
  12. Mark Hodkinson Queen: The Early Years Omnibus Press 2004. Henta 10. juni 2016
  13. 13,0 13,1 «Queen live on tour: Sheer Heart Attack: Setlist». Queen Concerts. Henta 26. desember 2014. 
  14. 14,0 14,1 «Queen live on tour: A Night At The Opera: Setlist». Queen Concerts. Henta 26. desember 2014. 
  15. «Queen live on tour: Day At The Races (world): Setlist». Queen Concerts. Henta 26. desember 2014. 
  16. 16,0 16,1 «Queen live on tour: News Of The World: Setlist». Queen Concerts. Henta 26. desember 2014. 
  17. Queen live on tour: Jazz Queen Concerts. Henta 30. august 2011
  18. Queen Rock Montreal Killer Queen Ultimate Queen. Henta 10. juni 2016
  19. Queen Rock Montreal Allmusic. Henta 10. juni 2016
  20. Queen live on tour: The Works 1984 Queen Concerts. Henta 10. juni 2016
  21. «Katy Perry hails Freddie Mercury and 'Killer Queen' as a major influence». NME. 7. september 2013. Henta 10. juni 2016. 
  22. 22,0 22,1 http://australian-charts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=35092
  23. Steffen Hung. «Queen - Killer Queen». austriancharts.at. Henta 10. juni 2016. 
  24. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 10. juni 2016. 
  25. Steffen Hung. «Queen - Killer Queen». dutchcharts.nl. Henta 10. juni 2016. 
  26. «charts.de». charts.de. Henta 10. juni 2016. 
  27. Jaclyn Ward - Fireball Media Group - http://www.fireballmedia.ie. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 10. juni 2016. 
  28. Steffen Hung. «Queen - Killer Queen». norwegiancharts.com. Henta 10. juni 2016. 
  29. «The Official Charts Company - Killer Queen by Queen Search». The Official Charts Company. 6. mai 2013. 
  30. Queen. «Queen - Awards». AllMusic. Henta 10. juni 2016. 
  31. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. desember 2015, henta 10. juni 2016 
  32. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 10. juni 2016 
  33. http://www.uk-charts.top-source.info/top-100-1974.shtml
  34. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 10. juni 2016 
  35. http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1975.htm
  36. http://www.oldiesloon.com/il/wls89of75.htm
  37. «British single salstrofé – Killer Queen». British Phonographic Industry.  Enter Killer Queen in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff endre