Opna hovudmenyen

Live at the BBC av Dire Straits

Live at the BBC
Konsertalbum av Dire Straits
Utgjeve 26. juni 1995
Innspelt BBC Studios, London, 22. juli 1978 og 31. januar 1981
Sjanger Roots rock
Lengd 45:57
Selskap Windsong (UK)
Vertigo (International)
Warner Bros. (USA)
Produsent Forskjellige
Dire Straits-kronologi
Encores
(1993)
Live at the BBC Sultans of Swing
(1998)


Live at the BBC er eit konsertalbum av det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut 26. juni 1995 på Vertigo Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Albumet vart spelt inn 22. juli 1978 ved BBC Studios i London, med eit spor spelt inn 31. januar 1981. Studioversjonane av dei første seks songane kom frå Dire Straits. Live at the BBC var det tredje konsertalbumet til bandet, etter Alchemy: Dire Straits Live (1984) og On the Night (1993).

UtgjevingEndra

Live at the BBC kom ut 26. juni 1995, året då gruppa offisielt vart oppløyst. I følgje Knopfler vart albumet gjeve ut fordi Dire Straits framleis skulda eit album til Phonogram Records (i dag Mercury Records). Dette albumet var meint å avslutte platekontrakten, før Mark Knopfler starta solokarrieren sin (framleis på Mercury).

SamansetningEndra

Live at the BBC bestod av åtte songane, dei første sju vart spelte inn for BBC Live in Concert-serien den 22. juli 1978. Den åttande songen, «Tunnel of Love», vart spelt inn for BBC TV-programmet The Old Grey Whistle Test den 31. januar 1981.

Albumet inneheld ein song som ikkje tidlegare var gjeven ut, «What's the Matter Baby?», som Mark Knopfler skreiv i lag med broren [[David Knopfler]]. Riffet til songen og den generelle strukturen vart sidan nytta for songen «Lady Writer», som finst på det andre albumet deira, Communique, som kan forklare kvifor songen ikkje vart spelt inn på ny.

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [1]

I meldinga si for AllMusic gav William Ruhlmann albumet tre og ei halv av fem stjerner og skreiv «Det er ein beskjeden innsats frå eit beskjedent band, og på det viset ein betre representasjon av dei enn Alchemy eller On the Night, som begge reflekterte den store populariteten deira».[1] Albumet låg inne på albumlista i Storbritannia i ei veke..[2]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Down to the Waterline»   4:10
2. «Six Blade Knife»   3:47
3. «Water of Love»   5:29
4. «Wild West End»   5:12
5. «Sultans of Swing»   6:38
6. «Lions»   5:26
7. «What's the Matter Baby?» (David Knopfler, Mark Knopfler) 3:20
8. «Tunnel of Love» (Extract from «The Carousel Waltz» by Richard Rodgers and Oscar Hammerstein II) 11:56
45:57

MedverkandeEndra

ListerEndra

AlbumEndra

Liste (1995) Plassering
Nederland 15
Sveits 45
UK Album Chart 71

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Ruhlmann, William. «Live at the BBC». AllMusic. Henta 1. desember 2012. 
  2. «Live at the BBC». Chart Stats. Arkivert frå originalen 29. juli 2012. Henta 1. desember 2012.