Opna hovudmenyen
Tunnel of Love
Singel av Dire Straits
frå albumet Making Movies
Utgjeve 2. oktober 1981
Innspelt 20. juni til 25. august 1980
Sjanger Rock
Lengd 8:08
Selskap Vertigo/Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Richard Rodgers/Oscar Hammerstein II (intro)
Produsent Jimmy Iovine/Mark Knopfler
Dire Straits-kronologi
«Skateaway»
(1981)
Tunnel of Love «Private Investigations»
(1982)


«Tunnel of Love» er ein rockesong frå 1980 av Dire Straits. Han vart gjeven ut på albumet Making Movies, og sidan på konsertalbuma Alchemy og Live at the BBC og på samlealbuma Money for Nothing, Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits og The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations.

Han nådde berre 54. plassen på UK Singles Chart, den britiske singellista, då han kom ut i oktober 1981, trass i at han er ein av dei mest kjende og populære songane til bandet. Det finst to musikkvideo for songen, ein med Mark Knopfler, John Illsley og Pick Withers som spelar føre ein tom bakgrunn, innimellom bilete og skodespelarar som spelar ut teksten, og den andre med eit større bandarrangement som fortel soga om eit par som rømer frå ei gruppe soldatar som jagar dei frå eit tivoli.

The Spanish City i songen var eit tivoli i Whitley Bay, på kysten av Nordsjøen nordaust for Newcastle upon Tyne, eit togstopp frå Cullercoats, slik det er nemnt i songen. Uttrykket «Rockaway» refererer til Rockaway Beach i New York City, der Rockaways' Playland tivoli ligg. På konsertane i 1980 spelte Dire Straits det sentrale temaet i The Animals sin versjon av «Don't Let Me Be Misunderstood» under ein lengre instrumentalintroduksjon av songen, medan Knopfler snakka om heimbyen til gruppa, Newcastle. Soloen til Knopfler i slutten av songen har blitt hylla av mange i løpet av åra:

And the big wheel keep on turning
Neon burning up above
And I'm just high on the world
Come on and take a low ride with me girl
On the tunnel of love

Mark Knopfler (1980)

«Gjennom «Tunnel of Love», dramatiserer Mark Knopfler dette møte med å bruke gitaren sin som eit gresk kor. [...] Seinare snakkar Knopfler om å gå aleine mellom «karusellar og bodar», ventar på ein annan kveld og ei anna jente. Han kler stemma si som ein skitten, gammal regnfrakk kring det klingande pianoet til Bittan og den lange gitarsoloen som sluttar songen. På ein måte dannar det stemningsskapande sukket frå gitaren ei sanning som er mykje djupare enn tivoli-som-liv-metaforen har avdekt».[1]

«Tunnel of Love» er ein av berre tre Dire Straits-songar som ikkje er tilskriven Mark Knopfler aleine (dei to andre er «Money for Nothing» og «What's The Matter Baby?»). Sjølve songen er skriven av Knopfler aleine, men opningsinstrumentale er eit arrangement av «Carousel Waltz» frå Rodgers and Hammerstein-musikalen Carousel.

Songen vert omtalt i romanen So Long, and Thanks for All the Fish av Douglas Adams:[2] «Mark Knopfler har ein særeigen evne til å få eit Schecter Custom Stratocaster til å tute og synge som ein engel ein laurdagskveld, utsliten etter å ha vore god heile veka med trong for ein stiv drink».

Han vart nytta i filmen An Officer and a Gentleman frå 1982. Songen vert sampla i John Legend-songen «I Love, You Love» i 2008 på albumet Evolver. Den engelske viseduoen Show of Hands spelte ein versjon av songen i 2011 på albumet Covers 2.

KjelderEndra

  1. Fricke, David (5 February 1981). «Dire Straits: Making Movies» (review). Rolling Stone. Henta 19. oktober 2014. 
  2. «The alt.fan.douglas-adams FAQ». Henta 7. februar 2007. 

BakgrunnsstoffEndra