John Edward Illsley (fødd 24. juni 1949) er ein engelsk musikar som vart kjend som bassgitarist i rockebandet Dire Straits. Med Dire Straits har Illsley vunne fleire BRIT Awards og Grammyprisar og ein Heritage Award.

John Illsley

Illsley med Dire Straits Brothers In Arms-turneen, den 10. mai 1985 i Beograd
Fødd24. juni 1949 (74 år)
FødestadLeicester
FødenamnJohn Edward Illsley
OpphavStorbritannia
Aktiv1966 til i dag
SjangerRock, bluesrock
Instrumentbassgitar, gitar, vokal
Kjende instrumentFender Jazz Bass, Fender Precision Bass
Tilknytte artistarDire Straits, Mark Knopfler
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent

Illsey var med i bandet frå starten av, i lag med brørne og gitaristane David og Mark Knopfler, og trommeslagaren Pick Withers, og spelte ei rolle i utviklinga av stilen til Dire Straits. Då David Knopfler slutta i bandet tidleg i 1980-åra, mista ikkje Illsley berre ein bandkollega, men òg ein tidlegare ven han hadde delt leiligheit med. Då gruppa vart oppløyst i 1995 var Illsley og frontmannen Mark Knopfler dei to einaste originale bandmedlemmane som var att.

Illsley has har halde ein låg profil kring sin eigen karriere som musikar og låtskrivar. Han har gjeve ut to album på eiga hand, med Mark Knopfler som gjestemusikar, og har vore med på Knopfler sine personlege prosjekt. Han har gjeve ut to album til, med det keltisk-baserte bandet Cunla.

Biografi endre

Tidleg liv endre

Illsley gjekk på Bromsgrove School i Worcestershire og eit college nær Kettering i Northamptonshire, før han starta å arbeide som leiarlæring for eit tømmerfirma. Han studerte så sosiologi ved Goldsmiths College, University of London og opna ein platebutikk med kjærasten. Medan han var i London, delte han leiligheit med David Knopfler. Illsley vart introdusert for den eldre broren til David, Mark, som nettopp hadde gått gjennom ein skilsmisse[1] og spelte musikk på pubar i nærleiken. Illsley hugsar han kom heim tidleg ein morgon og «kom inn i stova, og såg denne personen som låg på golvet...sovande...med ein gitar over beina og han hadde sovna medan han spelte.» Det var slik dei to møttest første gongen.[2]

David Knopfler ønskte å starte eit band, og Illsley, som alt spelte bassgitar, hadde same interessa. Dei fekk med seg ein ven, Pick Withers, på trommer, og starta bandet som fekk namnet Dire Straits.[2]

Dire Straits endre

 
Illsley med Dire Straits, juni 1979.
For meir om dette emnet, sjå Dire Straits.

I tillegg til å spele bass på alle innspelingane med Dire Straits, song Illsley òg korvokal, med David Knopfler, og både harmonivokal med Mark sin solovokal og gitar på konsertar.

I ein periode då dei fleste store selskap venta at band skulle spele inn eitt til to album i året og marknadsføre dei med turnear, vart stemninga mellom dei to brørne raskt dårlegare. Under innspelinga av det tredje albumet, Making Movies, førte dette til at David slutta etter kranglingar om den musikalske retninga til bandet.

Bandet fekk inn Hal Lindes til å erstatte David Knopfler, og var med bandet i fem år. Då gruppa vart oppløyst i 1995 var Illsley og Mark Knopfler dei einaste medlemmane som var med i bandet frå start til slutt. Illsley prøvde å overtale Mark Knopfler til å starte opp att gruppa i oktober 2008, men mislukkast.[3]

Før Dire Straits vart oppløyst, gav Illsley ut to soloalbum, Never Told a Soul (1984) og Glass (1988). Knopfler spelte noko gitar til begge.

Cunla endre

I mars 2005 kom Illsley over eit irsk keltisk rock-band, Cunla. For første gong sidan 1993 gjekk han på scenen og spelte eit par Dire Straits-songar med bandet. Cunla spelte så på ein sommarfest hos Illsley i Hampshire. Han spelte så med dei fleire gonger, mellom anna ein konsert i Frankrike som vart gjeve ut på album i 2007. Med Illsley spelte dei eit par Dire Straits-songar i irsk stil.

I oktober 2008 gav Illsley ut albumet Beautiful You, og la ut på ein turné i Irland med songar–låtskrivaren Greg Pearle.[4] Dette vart det fjerde soloalbumet til Illsley.

I 2014 gav Illsley ut det femte albumet sitt, Testing the Water, produsert av Guy Fletcher, tidlegare bandkollega i Dire Straits.

Personleg liv endre

Illsley bur i dag Hampshire med den andre kona si Stephanie og fire barn. Han eig ein lokal pub, 'East End Arms', som av kritikarar er kåra til ein av dei 50 beste pubane i Storbritannia,[5] i grensa East End mellom Lymington og Beaulieu. Han er òg medeigar i to nærliggande hotell, The Master Builder's House Hotel[6] nær Beaulieu og The George Hotel[7]Isle of Wight. Illsley er ein ivrig målar og den første utstillinga hans vart halde i Nevill Keating McIlroy Gallery i Pickering Place i London i 2007.

I august 2014 var Illsley ein av 200 offentlege personar som signerte eit brev til The Guardian der dei var mot skotsk sjølvstende.[8]

Diskografi endre

Kjelder endre

  1. Kilburn, T. (2006). «Mark Knopfler Authorized Biography». Arkivert frå originalen 20. mars 2014. Henta 15. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 Illsley, John (5. mai 1992). «Interview John Illsley- Madrid». Interview John Illsley- Madrid, 5th May 1992 - TVE (på engelsk). TVE. Henta 15. september 2014. 
  3. News.BBC.co.uk
  4. BBC News, 9 October 2008
  5. The 50 Best Pubs Around Britain: The Times, 11 October 2003
  6. Richard Eilers, The Observer, Sunday 12. september 2004
  7. David Fingelton, The Spectator, 15. mai 1999, arkivert frå originalen 8. desember 2010, henta 15. september 2014 
  8. «Celebrities' open letter to Scotland – full text and list of signatories | Politics». theguardian.com. 7. august 2014. Henta 15. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre