Opna hovudmenyen

Alan Clark (fødd 5. mars 1952) er ein engelsk musikar som var den første klaverspelaren i rockebandet Dire Straits.[1]

Alan Clark
Dire Straits 1985 Mark Knopfler Alan Clark Jack Sonni.jpg
Med Dire Straits i 1985
Fødd5. mars 1952 (67 år)
FødestadGreat Lumley, County Durham England
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til i dag
SjangerRock and roll, folkrock, bluesrock
InstrumentKlaverinstrument
Tilknytte artistarDire Straits, Eric Clapton, Bob Dylan, Geordie
PlateselskapVertigo Records, Warner Bros. Records (US)
Verka somMusikar

BiografiEndra

Som ung fekk Clark pianotimar, og medan han framleis var elev ved Chester-le-Street gymnas spelte han Hammondorgel på pubar. Han heldt fram ei formel musikalsk utdanning ved Durham Technical College og fekk tilbod om plass ved Guildhall School of Music, men avslo fordi han var klar til å bli profesjonell musikar. Han spelte i ei gruppe kalla Splinter, som fekk kontrakt med George Harrison sitt selskap, Dark Horse, og med Gallagher & Lyle. Han gjorde ein sommarturné med Lindisfarne, mellom anna ved Knebworth. Han spelte òg på fleire songar på Geordie-albumet No Good Woman.

Clark vart med Dire Straits kort tid før dei gav ut Making Movies i 1980, og vart den første klaverspelaren deira. Han vart ein viktig del av bandet og var med på å endre retninga til det enorme bandet dei vart, mellom anna på det fjerdealbumet, Love Over Gold i 1982,[1] men stilen hans er òg tydeleg på konsertalbumet Alchemy. Det kanskje største bidraget hans til bandet var det særs populære Brothers in Arms. Clark heldt fram å arbeide med Dire Straits, og samproduserte det neste albumet On Every Street med Mark Knopfler, før bandet vart oppløyst i 1990-åra.[1]

I 1983 spelte han på Bob Dylan-albumet Infidels, som Mark Knopfler var medprodusent på, og han spelte på det følgjande albumet Empire Burlesque. Clark har òg arbeidd med Knopfler på noko av filmmusikken hans, mellom anna filmen Local Hero, der han òg er med i ein scene i filmen som pianist. Han har òg arbeidd med broren til Mark, David Knopfler på soloalbuma og turneane hans, og han har spelt mykje med Eric Clapton. Han spelte òg på «Orchestra Nights»-konsertane til National Philharmonic Orchestra og Michael Kamen under 24 Nights-konsertane ved Royal Albert Hall i 1990 og 1991. Gjennom tida han var i Dire Straits, var han òg musikalsk leiar for Tina Turner, og han spelte på og arrangerte den store hitten hennar, «Private Dancer». Clark har òg spelt med mange andre artistar, som Bee Gees, Jimmy Nail, Escape Club, Joan Armatrading, Gerry Rafferty, Mick Hucknall, Bill Wyman, Sting, Van Morrison, Sly and Robbie, Shakin Stevens, Roger Daltrey, George Harrison, Elton John, Phil Collins, Bruce Willis og andre.

I 2001 komponerte Clark musikk for det paranormale showet Most Haunted, og har komponert fleire andre kjenningsmelodiar for fjernsyn og radioreklamar. I 2005 skreiv han og regisserte ein film til minne om Great North Run, kalla The Inspiration.

I november 2005 var Clark medlem av husbandet ved «The Hull Story», ei hyllest til musikken til Alan Hull frå Lindisfarne. Konserten, som fann stad i Newcastle City Hall finst på DVD.

I 2010 slo Clark seg saman med Dire Straits-medlemmane John Illsley og Chris White ved XRoads-klubben i Roma, og har spelt og turnert md den tyske stjerna Westernhagen.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Alan Clark Diskografi at Discogs

BakgrunnsstoffEndra