Water of Love
Singel av Dire Straits
frå albumet Dire Straits
B-side

«Down to the Waterline»

Utgjeve 1978
Innspelt 1978
Sjanger Rock
Lengd 5:23
Selskap Vertigo, Warner Bros. (US)
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent Muff Winwood
Dire Straits-kronologi 
«Sultans of Swing»
(1978)
Water of Love «Lady Writer»
(1979)


«Water of Love» er ein song skriven av Mark Knopfler og opphavleg gjeve ut av Dire Straitsdebutalbumet deira i 1978. Han vart òg gjeven ut som singel i somme land, med «Down to the Waterline» som B-sida, som ein oppfølgjar til den første singelen frå albumet, «Sultans of Swing».[1] Singelen nådde 28. plassen på singellista i Nederland.[1] Han nådde òg 54. plassen i Australia. Songen var med på konsertalbumet Live at the BBC og på samleplata More Than Unplugged.[2]

Både «Water of Love» og «Down to the Waterline», i tillegg til «Sultans of Swing», var blant dei fem songane som var med på ein demo Dire Straits sendte til Charlie Gillett, som spelte lydbandet på radioshowet sitt, og førte til at bandet fekk den første platekontrakten sin.[3] Han er ein av dei fire songane på side 1 på albumet Dire Straits som omhandlar ulukkelkege kjærleiksforhold, og forfattaren Michael Oldfield trur at songen handlar om skilsmissen til Mark Knopfler¨på denne tida.[3] Rolling Stone Magazine-skribenten Ken Tucker nytta songen som eit døme på korleis Knopfler blandar smarte linjer med prosaiske.[4] Tucker gjev eit døme på den smarte linja «I need a little water of love» etterfølgd av «You know it's evil when you're living alone», som Tucker reknar som ei tåpeleg linje.[4] I Billboard Magazine skreiv Cary Darling om kor godt ho likte teksten, men kritiserer easy listening-arrangementet som «ikkje klarar å gripe lyttaren».[5] The Rolling Stone Album Guide kommenterte det «nakne, romantiske synet» på denne songen og B-sida «Down to the Waterline», og korleis dette synet står i kontrast til bitterheita i songar som «Sultans of Swing».[6]

«Water of Love» er ein av fem songar som utgjevaren til Knopfler laga countrydemoar av utan samtykke frå Knopfler. Dette førte til at mange countryartistar spelte inn songane til Knofpler.[7] Ein coverversjon vart spelt inn av The Judds, som finst på deira River of Time og vart gjeven ut på singel i Tyskland.[7][8][9] Wynonna Judd song ein «nattleg og mystisk» solovokal, og Knopfler sjølv spelte gitar på Judds-versjonen.[8][10] Allmusic-kritikaren Thom Jurek skildra songen som «den mest forførande melodien» på River of Time og The Rolling Stone Album Guide hylla den «typisk skarpe» gitarsoloen til Knopfler.[8][11] Alex Bollard og Lex Vandyke har òg spelt inn songen.[2]

I boka si My Life in Orange, skriv Tim Guest om at han høyrte på Dire Straits-versjonen av songen og om linja «Water of love, deep in the ground, but there ain't no water here to be found» som eit barn som gøymer seg bak ein sofa og ønsker at «water of love» skal kome til han ein dag.[12] Hovudpersonen i Caprice Crane-romanen Stupid and Contagious refererer til «Water of Love» som ein song ho ønskjer å høyre sitetert i staden for lyden av eit toalett som spyler ned, i lag med AC/DC sin «Big Balls», ZZ Top sin «Tush», Nirvana sin «Smells Like Teen Spirit» eller Frank Sinatra sin «My Way».[13]

Water of love deep in the ground
But there ain't no water here to be found
Some day baby when the river runs free
It's gonna carry that water of love to me

Mark Knopfler (1978)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Dutch charts». Henta 15. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Water of Love». Allmusic. Henta 15. september 2014. [daud lenkje]
  3. 3,0 3,1 Oldfield, M. (1984). Dire Straits. Sidgwick and Jackson. s. 33, 42–49. ISBN 9780283989957. 
  4. 4,0 4,1 Tucker, K. (25. januar 1979). «Dire Straits». rollingstone.com. Henta 15. september 2014. 
  5. Darling, C. (27. januar 1979). «Closeup». Billboard Magazine. 
  6. Marsh, D. & Swenson, J., red. (1983). The Rolling Stone Album Guide. University of California. s. 144. ISBN 978-0-394-72107-1. 
  7. 7,0 7,1 Brown, A. & Mansfield, B. (2008). Make Me a Star: Industry Insiders Reveal How to Make It in Music. Thomas Nelson, Inc. s. 161. ISBN 978-1-4016-0404-2. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Jurek, T. «River of Time». Allmusic. Henta 15. september 2014. 
  9. Judd, N. & Schaetzle, B. (1994). Love Can Build a Bridge. Random House. s. 375. ISBN 978-0-449-22274-4. 
  10. Larkin, C. (1998). The Virgin Encyclopedia of Country Music. Indiana University. s. 222. ISBN 978-0-7535-0236-5. 
  11. DeCurtis, A., Henke, J. & George-Warren, H., red. (1992). The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 385. ISBN 978-0-679-73729-2. 
  12. Guest, T. (2005). My Life in Orange. Houghton Mifflin Harcourt. s. 157–158. ISBN 978-0-15-603106-6. 
  13. Crane, C. (2006). Stupid and Contagious. Hachette Digital. ISBN 978-0-446-69572-5. 

Bakgrunnsstoff endre