Bolmen
Bolmen er ein svensk innsjø som ligg sørvest i landskapet Småland, i kommunane Värnamo og Gislaved i Jönköpings län, Hylte i Hallands län og Ljungby i Kronobergs län. Han har eit areal på 184 km² og er den tiande største innsjøen etter areal i Sverige. Han er på det djupaste 37 meter og gjennomsnittsdjupna er 5,4 meter. Han har fleire øyar, den største er Bolmsö med eit areal på 42 km². Bolmen drenerast gjennom Bolmån til Lagan.
Bolmen | |||
innsjø | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Område | Småland | ||
Utløp | Storån, Bolmen vasstunnel | ||
Areal | 184 km² | ||
Største djupn | 37 m | ||
Koordinatar | 56°55′N 13°40′E / 56.917°N 13.667°E | ||
Byar | Bolmsö | ||
Bolmen 56°55′00″N 13°40′00″E / 56.916666666667°N 13.666666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Bolmen |
Bolmen er ferskvasskjelde til blant andre Lund kommun. Vatnet vert ført i ein 82 km lang tunnel til Skåne.
Borgruinen Piksborg frå [[130talet i sørenden av Bolmen var ei viktig grensefestning i mellomalderen, då området låg nært den dåverande grensa til Danmark.
I Bolmen finst det 24 fiskeartar, blant anna gjørs, gjedde, åbor, ål, lake og brasme.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bolmen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Bolmens fiskevårdsområde
- Ljungby kommun - Tursim[daud lenkje]
- Hylte kommun - Turism Arkivert 2010-08-13 ved Wayback Machine.
- Gislaveds kommun - Turism Arkivert 2011-05-14 ved Wayback Machine.
- Värnamo Turism