Lobet Gott in seinen Reichen

Lobet Gott in seinen Reichen, òg kalla «Himmelfahrts-Oratorium», BWV 11, er eit oratorium av Johann Sebastian Bach. Det vart truleg komponert i 1735, med tekst truleg skriven av Picander. I Bach-Gesamtausgabe (BGA) er verket inkludert som ein del av kantatene (derfor det låge BWV-talet) og i Bach Compendium har det nummeret BC D 9 og er ein del av oratoria. Det er basert på bibelske tekstar og derfor inneheld det resitativ av ein evangelist og andre personar. Bach markerte det som «Oratorium In Festo Ascensionis.» Dette todelte verket omfatta 11 nummer med ei framføringstid på om lag ein halv time.

  1. Koral — «Lobet Gott in seinen Reichen» (etter ein høgtidskoral frå ein kantate frå 1732)
  2. Evangelist (Tenor) — «Der Herr Jesus hub seine Hände auf»
  3. Resitativ (Bass) — «Ach, Jesu, ist dein Abschied schon so nah?»
  4. Arie (Alt) — «Ach, bleibe doch, mein liebstes Leben» (musikalsk imitasjon av ein tidlegare, tapt bryllaupskantate som òg er opphavet til Agnus Dei frå Messe i H-moll)
  5. Evangelist (Tenor) — «Und ward aufgehoben zusehends»
  6. Koral — «Nun lieget alles unter dir»
  7. Evangelists (Tenor og Bass) — «Und da sie ihm nachsahen gen Himmel fahren»
  8. Resitativ (Alt) — «Ach ja! so komme bald zurück»
  9. Evangelist (Tenor) — «Sie aber beteten ihn an»
  10. Arie (Sopran) — «Jesu, deine Gnadenblicke» (begge fløytear spelar i samklang, det same gjer obo 1 og fiolinane og bratsjane)
  11. Koral — «Wenn soll es doch geschehen»
Lobet Gott in seinen Reichen
BWV 11
Oratorium av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1735
Urframføring19. mai 1735
Publiseringsdato1856
Typisk lengd28:22
Tekst avPicander

Instrumentering endre

To fløyter, to oboar, tre trompetar, paukar, strykarar, continuo, fire songsolistar (SATB) og kor.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre