Koketter
Koketter (Lophornis) er ei biologisk slekt i underfamilien Lesbiinae av elleve kolibriartar. Dei lever i Mellom-Amerika og nordlege Sør-Amerika. Tre artar er endemiske for Brasil, den kritisk truga øyredobbkokette, Lophornis brachylophus, er endemisk for eit lite område i sørvestlege Mexico, og ein annan har utbreiing som strekker seg sørvest til vestlege Santa Cruz i Bolivia. Alle held til i relativt lågtliggande habitat under 2000 moh.[1]
Koketter | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Lesbiinae |
Stamme: | Lesbiini |
Slekt: | Koketter Lophornis Lesson, 1829 |
Alle artane i slekta er rangert blant dei minste kolibriane. Ingen artar overstig 9 cm og dei fleste er under 7,5 cm i total lengd og veg 3 gram eller mindre. Koketthannar er kjente for sine merkelege, fargerike, ornamentale fjørtoppar og markeringar, hoene er meir dempa. Alle artane har eit kvitt eller lyst band ovafor overgumpen.[1]
Galleri
endre-
Ornatkokette, Lophornis ornatus, i vestlege Venezuela gjennom Guyana-statane til nordlegaste Brasil
-
Viftekokette, Lophornis magnificus, endemisk for Brasil
-
Siratkokette, Lophornis delattrei, Bolivia, Colombia, Ecuador, Panama, og Peru
-
Paljettkokette, Lophornis stictolophus, lever i Amazonas: Br, Pe, Ec, Co, Ve
-
Strålekokette, Lophornis chalybeus, endemisk for Brasil
-
Svarttoppkokette, Lophornis helenae, lever i seks land i M-Amerika
-
Kvittoppkokette, Lophornis adorabilis, i Costa Rica og Panama
Taksonomi og artsliste
endreSlekta Lophornis vart introdusert av den franske naturforskaren René Lesson i 1829.[2] Typearten vart seinare utpeika som ornatkokette (Lophornis ornatus).[3] Det generiske namnet kombinerer det antikke greske lophos som betyr «kammen» eller «tuft» med ornis som betyr «fugl».[4]
Lophornis-kolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]
- Ornatkokette, Lophornis ornatus, Tufted Coquette, (Boddaert, 1783), (LC)
- Arguskokette, Lophornis gouldii, Dot-eared Coquette, (Lesson, R, 1832), (NT)
- Viftekokette, Lophornis magnificus, Frilled Coquette, (Vieillot, 1817), (LC)
- Øyredobbkokette, Lophornis brachylophus, Short-crested Coquette, Moore, RT, 1949, (CR)
- Siratkokette, Lophornis delattrei, Rufous-crested Coquette, (Lesson, R, 1839), (LC)
- Paljettkokette, Lophornis stictolophus, Spangled Coquette, Salvin & Elliot, DG, 1873, (LC)
- Strålekokette, Lophornis chalybeus, Festive Coquette, (Temminck, 1821), (NT)
- Sommarfuglkokette, Lophornis verreauxii, Butterfly Coquette, Bourcier, 1853, (LC)
- Påfuglkokette, Lophornis pavoninus, Peacock Coquette, Salvin & Godman, 1882, (LC)
- Svarttoppkokette, Lophornis helenae, Black-crested Coquette, (Delattre, 1843), (LC)
- Kvittoppkokette, Lophornis adorabilis, White-crested Coquette, Salvin, 1870, (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lophornis» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2023
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Inngang på artsliste av Lophornis. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA
- ↑ Lesson, René P. (1829). Histoire naturelle des Oiseaux-Mouches (på fransk). Paris: Arthus Bertrand. s. xxxvii.
- ↑ Peters, James Lee, red. (1945). Check-list of Birds of the World 5. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press. s. 31.
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 230. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2023. IOC World Bird List (v13.1). doi : 10.14344/IOC.ML.13.1 Henta 7. mars 2023
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/