Loránd Eötvös
Loránd Eötvös [ˈloraːnd ˈøtvøʃ], òg kjend som (baron) Roland (von) Eötvös, (27. juli 1848–8. april 1919) var ein ungarsk fysikar og fjellklatrar som spelte ei viktig rolle i det intellektuelle og politiske livet i Ungarn på 1800-talet.
Loránd Eötvös | |||
| |||
Fødd | 27. juli 1848 Buda | ||
---|---|---|---|
Død | 8. april 1919 Budapest | ||
Nasjonalitet | Ungarn | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, matematikar, universitetslærar, akademikar, politikar, ingeniør, oppfinnar | ||
Institusjonar | Eötvös Loránd-universitetet | ||
Alma mater | Universitetet i Heidelberg | ||
Doktorgradsrettleiar | Hermann von Helmholtz Gustav Kirchhoff Leo Koenigsberger Robert Wilhelm Bunsen | ||
Barn | Ilona von Eötvös, Rolanda von Eötvös | ||
Medlem | Det ungarske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet |
Virke
endreI dag er Eötvös mest kjend for arbeid innan overflatespenninga til væsker og gravitasjon, spesielt det svake ekvivalensprinsippet, som fekk tyding for relativitetsteorien, og dessutan tidevannskreftene på overflata til jorda.
Som ungarsk kultur- og undervisningsminister reformerte Loránd Eötvös det høgare skulevesenet i landet og gav matematikkundervisninga ein viktig posisjon. Denne innverknaden varar framleis ved, idet ungarske gymnasiastar hyppig vinn konkurransar som den internasjonale matematikkolympiaden.
Frå 1886 til han døydde underviste Loránd Eötvös ved Universitetet i Budapest.
Eötvös var òg ein kjend fjellklatrar med fleire førsteklatringar i Dolomittane, oftast gjennomført saman med fjellføraren Michael Innerkofler, til dømes Sextener Rotwand 1878.[1][2] Han var dessuten mangeårig president i den ungarske turistsamskipnaden.[3]
Ettermæle
endre- Oppkalla etter Loránd Eötvös
- Den gamle eininga Eötvös, eit mål på endringane i gravitasjonskreftene mellom ulike geofysiske lekamar.[4]
- Eötvöstalet vert nytta innan stryømingsmekanikken: ein dimensjonslaus storleik for å skildre forma på ei flytande kule (til dømes vatn- eller luftboble).
- Eötvösregelen vert nytta til å rekne ut overflatespenninga i ei tilfeldig vald rein væske ved alle temperaturar.
- I 1950 fekk Universitetet i Budapest namnet Eötvös Loránd Universitet.
- Eötvös-krateret på månen.
- Fjelltoppen Cima Eötvös i Dolomittane i Cadinigruppa.
- Æresprisar
- Eötvös vart utnemnd som æresdoktor ved Universitetet i Oslo i høve 100-årsjubileet 6. september 1911[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Loránd Eötvös» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Most important climbings of Loránd Eötvös, arkivert frå originalen 24. juni 2007, henta 7. november 2013
- ↑ Døtrene Ilona og Rolanda von Eötvös var òg kjente fjellklatrarar i Dolomittane: (Climbings of) the whole family Arkivert 2007-06-24 ved Wayback Machine., (Climbings of) Ilona and Rolanda Eötvös Arkivert 2007-06-24 ved Wayback Machine.
- ↑ The life of Loránd Eötvös, arkivert frå originalen 13. august 2007, henta 7. november 2013
- ↑ esa: Basic Measurement Units
- ↑ 100-års jubileet 6. september 1911
Litteratur
endre- Lászlo Kovács: Eötvös Loránd, tudós-tanár. UP, Szombathely 2002, ISBN 963-9290-25-4
Bakgrunnsstoff
endre- Eötvös Loránd Virtual Museum Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.