Peter Ludvig Meidell Sylow

norsk professor og matematikar
(Omdirigert frå Ludvig Sylow)

Peter Ludvig Meidell Sylow (12. desember 18327. september 1918) var ein norsk matematikar som leverte viktige bidrag til gruppeteori, ei grein av matematikken der norske matematikarar som Abel og Lie òg gjorde viktige gjennombrot. Sylow er mest kjend for Sylow-teorema innan gruppeteori.

Peter Ludvig Meidell Sylow

Fødd12. desember 1832
Christiania, Oslo
Død7. september 1918
Christiania
NasjonalitetNoreg
Områdegruppeteori
Yrkematematikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
Københavns Universitet
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Sylow vart fødd og voks opp i Kristiania. Han studerte matematikk heilt frå skuledagane og i 1856 tok han reallærareksamen. Han var ein av elevane til Ole Jacob Broch, som fekk han til å utforska Abels sine elliptiske funksjonar. Etter kvart vart han meir interessert i Abel sitt likningsteoretiske arbeid. Saman med Lie gav Sylow ut Nils Henrik Abel sine samla verk. Sylow var redaktør for Acta Mathematica frå 1894 og underviste ved Universitetet i Oslo frå 1898. Etter råd frå Carl Anton Bjerknes gjorde han seg kjend med arbeidet til Galois og Kronecker.

Då han var ferdig med studiane var det ikkje nokon ledige stillingar ved Universitetet i Oslo, så i 1858 tok Sylow til som overlærar i Halden. Der vart han i 40 år, med nokre små avbrekk. I 1894 vart Sylow utnemnd til æresdoktor i København. Sjølv om han tidleg vann respekt i utlandet - spesielt på grunn av arbeidet han hadde utført innan gruppeteori - var han lenge så godt som anonym i Noreg. I 1898 vart han utnemnd til ekstraordinær professor av Stortinget og han heldt fram med å førelesa til han var nær 85 år gamal.

Utgjevingar (utval) endre

  • Théorèmes sur les groupes de substitutions, i Mathematische Annalen 1872, s. 584–594
  • Œuvres complètes de Niels Henrik Abel (redigert saman med Sophus Lie), 2 bd., 1881
  • Sur la multiplication complexe des fonctions elliptiques, i Journal de Mathématiques pures et appliquées, serie 4 bd. 3, Paris 1883, s. 109–254
  • Sur les groupes transitifs dont le degré est le carré d'un nombre premier, i Acta Mathematica 11, 1887–88, s. 201–256
  • Breve til og fra Abel (redigert saman med E. Holst), i Festskrift ved hundreaarsjubilæet for Niels Henrik Abels fødsel, 1902, s. 1–128
  • Abels studier og hans opdagelser, sst., (separat paginering) s. 1–56

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre