Luis Walter Alvarez

amerikansk fysikar

Luis Walter Alvarez (13. juni 19111. september 1988) var ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Alvarez mottok 1968 for sine bidrag til elementær partikkelfysikk, spesielt oppdaginga av mange resonanstilstandar mogeleggjort gjennom utviklinga av teknikken med å bruke hydrogenboblekammer og dataanalysar. Alvarez tilbrakte nesten heile karrieren sin ved fakultetet ved University of California, Berkeley.

Luis W. Alvarez

Fødd13. juni 1911
San Francisco i California i USA
Død1. september 1988 (77 år)
Berkeley, California
NasjonalitetCuba
Områdefysikk
Yrkefysikar, kjernefysiker, universitetslærar, oppfinnar
InstitusjonarUniversity of California, Berkeley
Alma materUniversity of Chicago
DoktorgradsrettleiarArthur Compton
EktefelleGeraldine Smithwick, Janet L. Landis
BarnWalter Alvarez
MedlemNational Academy of Sciences
American Philosophical Society
American Physical Society
American Academy of Arts and Sciences
National Academy of Engineering
JASON

Han var professor frå 1945 ved University of California, Berkeley. Under andre verdskrigen gav han viktige bidrag til utviklinga av radarteknikken og fann mellom anna opp eit radarlandingssystem (sjå GCA-systemet) for fly. Han utførte sidan grunnleggjande arbeid innan kjerne- og elementærpartikkelfysikk. Han vart kjent for undersøkingar av dei magnetiske eigenskapane til nøytronet, for konstruksjon av ein lineærakselerator for proton og for studium av kosmisk stråling. I 1968 fekk han Nobelprisen i fysikk for utviklinga av hydrogen-boblekammeret.

I 1980 offentleggjorde Alvarez oppdaginga av at eit nokre centimeter tjukt lag mellom avsetjingane frå krit- og tertiær-periodane (den såkalla K-T-grensa, for 65 millionar år sidan) inneheldt påfallande høge konsentrasjonar av platinametallet iridium. Iridium er særs sjeldan i jordskorpa, men finst i langt høgare konsentrasjonar i meteorittar. Funnet viste at jorda på det tidspunktet hadde vorte treft av eit stort objekt, truleg ein asteroide, og det nesten totale fråværet av pollen i det same laget viste at nedfallet hadde utløyst ein global katastrofe. K-T-grensa samsvarar med det tidsområdet då dinosaurane, og dessutan ei rekkje andre dyre- og plantearter, vart utrydda. Oppdaginga reknast difor som eit sterkt indisium for at dinosaurane vart utrydda av ein asteroide. Seinare har nedslaget vorte knytt til det enorme delvis undersjøiske Chicxulubkrateret ved Yucatanhalvøya i Mexico.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre