Opna hovudmenyen
Lunga
Lokalt namn: Lungaigh
Geografi
Lunga i Treshnish Isles is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°29′ N 6°25′ WKoordinatar: 56°29′ N 6°25′ W
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 0,81 km²

Høgaste punkt Cruachan (103 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute

Demografi
Folketal 0

Lunga er den største øya i Treshnish Isles i Indre Hebridane i Skottland.

Ho har vulkansk opphav og er skildra som «ein grøn juvel i ein påfuglgrøn sjø».[1] Ho var folkesett fram til 1800-talet og ein kan framleis sjå restar etter svarte hus. Nordaust på øya ligg ruinane av ein landsby, som vart fråreist i 1857.[2]

DyrelivEndra

 
Lundefugl på Lunga.

Lunga har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) på grunn av det rike plantelivet. Her finst mange sjeldne og utryddingstrua planter, som kusymrer, tiriltunge, orkidéar, strandsmelle, strandnellikar, sverdliljer, tepperot og hagegeiteskjegg.[1] Det finst gråsel i farvatnet rundt øya, og av fuglar finn ein havsvale, krykkje og havlire. Teist, lundefugl og alke hekkar på Lunga og på Harp Rock, ein staur som står like ved øya.Kvitkinngås dukkar opp på øya kvar vinter.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. «Overview of Lunga». Gazetteer for Skottland. Henta 24. februar 2010.