Fjørekoll
Fjørekoll eller strandnellik (Armeria maritima) er ein 10-25 cm høg fleirårig strandplante i hinnebegerfamilien med grov jordstengel og lysraud blomsterkvast. Blada sit i ein tuveforma rosett.
Fjørekoll | |
Fjørekoll | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Hinnebegerfamilien Plumbaginaceae |
Underfamilie: | Staticoideae |
Stamme: | Staticeae |
Slekt: | Fjørekollslekta Armeria |
Art: | Fjørekoll A. maritima |
Vitskapleg namn | |
Armeria maritima |
Fjørekollen veks langs havstrender og på tørre enger og knausar over det meste av Skandinavia nord til Karlsøy i Troms og Gästrikland i Sverige. Planten veks elles i Mellom- og Vest-Europa, Island og Grønland. Med nærståande underartar er planten cirkumpolar.
Når planten veks i sprekker på svaberga, kiler han seg fast i bergsprekkane slik at det ser ut som han veks på snaue berget. På stader der måsar plar sitje og halde utkik, vert det gjenom åra danna store tuver av strandnellik som får næring av fugleekskrementa. Fjørekollen veks òg i forskjellige engsamfunn.
Synonym
endrePlanten har vore omtalt med fleire vitskaplege namn forutan A. maritima:
- Armeria vulgaris ssp. maritima (Mill.) F.Petri
- Statice armeria L..
- Statice maritima Mill.
Hinnebegerfamilien vert stundom òg kalla fjørekollfamilien.
Kjelder
endre- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- Knut Fægri: Norges planter Cappelens forlag 1960
- C.A:M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8