Luo
Luo (Dholuo, uttalt [d̪ólúô][2]) er eit nilosaharisk språk som talast av 4 410 000 av luofolket i Kenya og Tanzania som bur ved østkysten av Victoriasjøen og område sør for dette.[3] Språket vert brukt i sendingar på KBC (Kenya Broadcasting Corporation, tidlegare Voice of Kenya) og Radio Ramogi. Luo er i nær slekt med lango, acholi og adhola som alle blir tala i Uganda, og i fjernare slekt med luwo som blir tala i Sør-Sudan.
Luo Dholuo | ||
Klassifisering | Nilosaharisk Austsudansk Nilotisk Vestlige Luo Sørlig Luo-Acholi Luo | |
Bruk | ||
Tala i | Kenya, Tanzania | |
Luotalande i alt | 4 410 000[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | luo | |
ISO 639-3 | luo |
Fonologi
endreLuo er eit tonespråk. Det har både leksikalsk tone og grammatisk tone, t.d. i danninga av passive verb.[4] Det har vokalharmoni etter ATR-status: vokalar i ikkje-samansette ord må vera anten [+ATR] eller [−ATR]. ATR-harmonien gjeld òg halvvokalane //w, y/, y/.[5] Vokallengda er kontrastiv.
Vokalar
endreLuo har to sett av vokalar som skil seg frå kvarandre med trekket [+/−ATR] ("advanced tongue root", dvs. at [+/-ATR] viser til to ulike uttalemåtar av same vokal).
Fremre | Midtre | Bakre |
---|---|---|
Nesten-trong | ɪ | ʊ |
Sentral | ɛ | ɔ |
Open | ɐ |
Fremre | Midtre | Bakre |
---|---|---|
Trong | i | u |
Sentral | e | o |
Open | a |
Konsonantar
endreI tabellen nedanfor står ortografiske symbol i parentes om dei er ulike frå IPA-symbola. Merk spesielt at <y> brukast for IPA [ɪ], noko som er vanleg i afrikanske ortografiar. <th> og <dh> er plosivar og ikkje frikativar som i swahili.[6]
Labialar | Dentalar | Alveolarar | Palatalar | Velarar | Glottaler |
---|---|---|---|---|---|
Nasalar | m | n | ɲ (ny) | ŋ (ng') | |
Plosivar | prenasalisert | mb (mb) | nd (nd) | ɲɟ (nj) | ŋg (ng) |
ustemt | p | t̪ (th) | t | c (ch) | k |
røysta | b | d̪ (dh) | d | ɟ (j) | g |
Frikativar | f | s | h | ||
Trillar | ɲ | ||||
Approksimanter | w | l | ɪ (y) |
Grammatikk
endreLuo er kjend for kompliserte fonologiske vekslinger, som blant anna brukast for å skilje uomsettelege eigetilhøve frå omsettelege. Dette første dømet er ein omsettelig eigedom, sidan beina ikkje er del av hunden:
- chogo guok
- bein hund
- «beinet til hunden» (som han et)
Følgjande er likevel ein uomsettelig besittelse, sidan beinet i dette dømet er ein del av kua:
- chok dhiang'
- bein (status constructus) ku
- «eit kubein» (beinet til kua)[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Luo (språk)» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2016.
- Referansar
- ↑ Ethnologues tal
- ↑ Tucker 1994, s. 25.
- ↑ Ethnologue-tal
- ↑ Okoth Okombo 1997, §1.3.4
- ↑ Tucker 1994, §1.3 og §1.42
- ↑ Tucker 1994, §1.43
- ↑ Tucker 1994, s. 198.
- Bibliografi
- D. Okoth Okombo (1997). A Functional Grammar of Dholuo. Köln: Rüdiger Köppe Verlag.
- A.N. Tucker (1994). A Grammar of Kenya Luo (Dholuo). Köln: Rüdiger Köppe Verlag.
Bakgrunnsstoff
endre- Luo Arkivert 2010-10-07 ved Wayback Machine. - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).