Marsmånen Deimos

marsmåne
(Omdirigert frå Månen Deimos)

Deimos er den ytste og minste av dei to marsmånane. Han vart oppdaga den 12. august 1887 av den amerikanske astronomen Asaph Hall og er namnsett etter Deimos i gresk mytologi.

Deimos
Deimos fotografert av Mars Reconnaissance Orbiter
Oppdaging[1]
Oppdaga avAsaph Hall
Oppdagingsdato12. august 1877
Baneskildring[2]
23 458 km
Eksentrisitet0,0002
1,2624 dagar
4 864,8 km/t
Banehelling1,788°
Satellitt avMars
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
12,4 km[2]
483,05 km²[2]
Masse1,4762 × 1015 kg[2]
1,471 g/cm³[2]
0,003 m/s²[2]
20 km/t[2]
bunden[2]
Albedo0,08 (synleg geometrisk)[3]
Temperatur~313 K

Deimos nyttar 30,3 timar på eit krinslaup rundt Mars.

Fysiske eigenskapar

endre
 
Overflata av Deimos frå 30 km (Viking, 1977).[4]

Deimos har, som den månen til Mars, Phobos, eit spekter, albedo og tettleik som minnar om ein C- eller D-type-asteroide. Som dei fleste lekamar av denne storleiken, er forma på Deimos uregelmessig og ikkje kuleforma, med dimensjonane 15 × 12,2 × 11 km[5] noko som gjer han til 0,56 gonger storleiken til Phobos. Deimos består av bergartar som er rik på karbonhaldige materiale, som dei fleste C-type-asteroidane og karbonhaldige kondritt-meteorittar. Han har krater, men overflata er langt glattare enn overflata på Phobos, dels fordi kratera er fylte med regolitt. Regolitten er særs porøs og har ein radar-estimert tettleik på berre 1,471 g/cm3.[6] Dei to største kratera, Swift og Voltaire, måler berre kring 3 km i diameter.

Han har ein frigjeringssnøggleik på 5,6 m/s[7] og tilsynelatande storleiksklasse på 12,45.[8]

Geologiske kjennemerke

endre

Det er berre to geologiske kjennemerke på Deimos som har fått namn. Kratera Swift og Voltaire er kalla opp etter forfattarar som spekulerte i om det fanst to Mars-månar før Phobos og Deimos vart oppdaga.[9]

DEIMOS[10]
Krater Kalla opp etter Koordinatar Diameter (m)
Swift Jonathan Swift 12°30′N 358°12′W / 12.5°N 358.2°W / 12.5; -358.2 (Swift) 1000
Voltaire Voltaire 22°00′N 3°30′W / 22°N 3.5°W / 22; -3.5 (Voltaire) 1900[11]

Kjelder

endre
  1. Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Deimos: Facts & Figures Arkivert 2012-10-12 ved Wayback Machine. - NASA Solar System Exploration
  3. Mars Fact Sheet - NSSDC
  4. Deimos - Viking 2 Orbiter
  5. «Deimos». Henta June 6, 2014. 
  6. Busch, M. W.; et al. (2007). «Arecibo Radar Observations of Phobos and Deimos». Icarus 186 (2): 581–584. Bibcode:2007Icar..186..581B. doi:10.1016/j.icarus.2006.11.003. 
  7. «Mars: Moons: Deimos». NASA solsystemet Exploration. 30. september 2003. Arkivert frå originalen 12. oktober 2012. Henta 23. mai 2016. 
  8. «Planetary Satellite Physical Parameters». JPL (solsystemet Dynamics). 13. juli 2006. Henta 23. mai 2016. 
  9. of Planetary Nomenclature[daud lenkje], USGS Astrogeology Research Program
  10. Lakdawalla, Emily (9. mars 2009). «Mars Reconnaissance Orbiter eye candy: HiRISE images Deimos». Planetary Society. Henta 1. april 2015. 
  11. Nomenclature: Crater, craters[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Marsmånen Deimos
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.