Mæland II er det andre byrådet i Bergen kommune leia av Monica Mæland, og er samansett av Høgre og KrF. Fram til 28. april 2009 var også Frp ein del av byrådet. Byrådet vart vald i bystyret i Bergen 29. oktober 2007[1].

Monica Mæland

Monica II-byrådet er det tredje byrådet i Bergen etter at parlamentarismen vart innført i 2000. Byrådet overtok etter Mæland I-byrådet.

Endringar i byrådet endre

Mæland II vart danna som eit fleirtalsbyråd samansett av Høgre, Frp og KrF. Etter usemje i byrådet om ein bompengesøknad for vidare finansiering av samferdsleprosjektet Bergensprogrammet, valde dei to Frp-representantane i byrådet, Liv Røssland og Øistein Christoffersen, å trekkje seg 28. april 2009. Bergen bystyre gjorde endringar i byrådet 25. mai 2009[2]. Det vart også gjort endringar i byrådet etter at Henning Warloe og Tomas Moltu trekte seg frå byrådet 28. september 2009. Desse vart erstatta av Harald V. Hove og Filip Rygg[3].

Byrådane endre

Mæland I-byrådet er samansett av byrådsleiar, med eiga fagavdeling, og fire byrådar.

  • Monica Mæland, Høgre, byrådsleiar og byråd for kultur, kyrkje og idrett
  • Lisbeth Iversen, KrF, byråd for byutvikling, næring og klima; nestleiar i byrådet
  • Christine B. Meyer, Høgre, byråd for helse og inkludering
  • Harald V. Hove, Høgre, byråd for finans, konkurranse og eigarskap
  • Filip Rygg, KrF, byråd for barnehage og skule

Tidlegare byrådar endre

  • Henning Warloe, Høgre, byråd for kultur, næring og idrett
  • Tomas Moltu, KrF, byråd for barnehage og skule
  • Liv Røssland, Frp, byråd for helse og inkludering
  • Øistein Christoffersen, Frp, byråd for byutvikling og bydelar

Referansar endre

  1. «arkivkopi». Bergen kommune. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 15.11.2009. 
  2. «arkivkopi». Bergen kommune. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 15.11.2009. |publisher=Bergen kommune|accessdate=15.11.2009}}
  3. «arkivkopi» (PDF). Bergen kommune. Arkivert frå originalen (PDF) 5. mars 2016. Henta 15.11.2009. 

Bakgrunnsstoff endre