MS «Draupner» (1999)

katamaran frå 1999
MS Draupner(1999).jpg
MS «Draupner» på Vågen i Bergen, i Flaggruten til Stavanger.
Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Draupner»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Austal Ships Pty. Ltd. i Freemantle i Australia
Byggekostnad: 50 mill. kr.
Verftsnummer: 84
Sjøsett: 1999
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LJYC
IMO-nummer: 9193044
Generelle mål
Type: Snøggbåt/katamaran
Tonnasje: 735 bruttotonnregister, 231 nrt
Daudvekt: 52 tonn
Lengd: 41,75 m
Breidd: 12,50 m
Djupgang: 4,02 m
Dekk: 4
Installert effekt : 3152 bhk
Framdrift: 2x 16cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen)
Fart: 38 knop
Passasjerar: 358 passasjerar
Karriere Flag of Italy.svg Italia
Namn: MS «Ammari»
Eigar: Ustica Lines
I rute: 2007
Heimehamn: Palermo
Karriere Flag of Spain.svg Spania
Namn: MS «Espalmador Jet»
Eigar: Sercomisa
I rute: 2007 - 2008
Heimehamn: Las Palmas
Karriere Flag of Spain.svg Spania
Namn: MS «Espalmador Jet»
Eigar: Trasmapi-Balearia
I rute: 2008 - kring 2015
Karriere Flag of Croatia.svg Kroatia
Namn: MS «Krilo Star»
Eigar: M.B. Kapetan Luka TP
Sett i teneste: ca. 2015 - 2019
Heimehamn: Krilo Jesenice
Karriere Flag of Chile.svg Chile
Namn: MS «Krilo Star»
Status: Transportert til Chile mars 2019

MS «Draupner» er ein katamaran, bygd hjå Austral Ships, Pty Ltd i Australia i 1999 for HSD Sjø saman med systerskipet MS «Sleipner».

Båten er 42 m lang og 12,5 m brei. Byggekostnaden var 50 millionar kroner.[1] Då båten var ny var det på andre dekk plass til 45 passasjerar i røykesalongen og 136 passasjerar utanom det. Tredje dekket hadde 26 plassar i VIP-salongen og 152 plassar til utanom. I alt hadde fartøyet sertifikat for 358 passasjerar.

HistorieEndra

Skipet ankom Bergen som dekklast 6. mai 1999 og vart innført i Skipsregisteret 19. august same året. Dagen etter var det dåpsseremoni i Bergen og den 25. august 1999 gjekk jomfruturen til Stavanger. «Sleipner» gjekk så i Flaggruten mellom Bergen og Stavanger.

Den 26. november 1999 grunnstøytte systerskipet MS «Sleipner» i dårleg vêr på Bloksene ved Ryvarden fyr i Sveio kommune i Hordaland og sokk. «Draupner» deltok i redningsarbeidet. På grunn av forliset vart «Draupner» sett i opplag ved Leirvik og sertifikatet vart mellombels Sjøfartsdirektoratet. 13. november 2000 vart fartøyet ombygd med vasstette skott. I februar 2001 vart fartøyet igjen lagt i opplag etter revisjon av Sjøfartsdirektoratet av «Sleipner»-forliset. I mai 2001 vart redningsutstyr oppgradert og skroget ombygd til dobbelt skrog ved Oma Slipp & Mekaniske Verksted på Stord.[1]

23. mai 2001 vart båten endeleg sett i Flaggruten att, men alt i august vart «Draupner» igjen teken ut av ruta på grunn av problem med flåtearrangementet. Dette vart utbetra ved Oma Slipp på Stord i oktober 2001, og i april 2002 vart ho attende i Flaggruten.[1]

11. februar 2003 mista fartøyet eine propellen under Stordabrua, og berre kort tid etter, 30. april 2003 fekk ho maskinstans og måtte slepast av MF «Strandebarm» til BuavågBømlo. Nøyaktig eitt år seinare, 30. april 2004, var det MF «Strandebarm» som fekk motorstans og vart slept til Langevåg på Bømlo av «Draupner».[1]

«Draupner» hadde ein samanstøyt med kaien i Mosterhamn den 20. september 2005 etter ei feilrekning.[1]

I mars 2007 vart «Draupner» seld til Ustica Lines i Napoli i Italia for ein sum på kring 30 millionar kroner.[1] Fartøyet vart då omdøypt «Ammari». Berre nokre månader seinare, i juli 2007, vart fartøyet seld vidare til Sercomisa på Ibiza i Spania og omdøypt «Espalmador Jet». Heiemhamna var Las Palmas, men ho vart sett i ruta Ibiza-Formentera. Året etter vart fartøyet seld til Trasmapi-Balearia, men fortsette i same ruta.[1]

I mai 2015 vart fartøyet seld til M.B. Kapetan Luka i Kroatia og omdøypt «Krilo Star». Fartøyet vart sett i ruta Split-Dubrovnik.

I mars 2019 vart fartøyet seld til Chile og transportert frå Gibraltar som dekkslast på MS «Pacific Dawn» til Puerto Montt.[1]

Ruter i NoregEndra

  • 25. august 1999 - 26. november 1999: Flaggruten (Stavanger - Bergen)
  • 27. november 1999 - 22. mai 2001: I opplag og ombygging
  • 23. mai 2001 - 29. august 2001: Flaggruten (Stavanger - Bergen)
  • 30. august 2001 - 25. april 2002: I opplag
  • 26. april 2002 - 25. mars 2007: Flaggruten (Stavanger - Bergen)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «Kat. "DRAUPNER" 1999». Skipsarkiv Rogaland. Henta 22. april 2019. 

BakgrunnsstoffEndra