MS «Tysnes»
MS «Tysnes» (til venstre) og DS «Hardangeren» ( høgre) ved Fjæra i Åkrafjorden i Hardanger. 1930. | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MS «Tysnes» |
Eigar: | HSD |
Verft: | Mjellem & Karlsen i Bergen |
Verftsnummer: | 62 |
Sjøsett: | 1930 |
Teke ut av teneste: | 1963 |
Kjennemerke: | LJCW/LHRF |
Generelle mål | |
Type: | Lokalrutebåt |
Tonnasje: | 75 brt, 35 nrt |
Lengd: | 76,3 fot (23,3 m) |
Breidd: | 16,1 fot (4,9 m) |
Djupgang: | 8,3 fot (2,5 m) |
Installert effekt : | 96 bHK |
Framdrift: | 2cyl. 2T Bolinder RM |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «T. J. Osnes» |
Eigar: | Olaf O. Osnes, Nordø på Karmøy/Haugesund. |
Sett i teneste: | 1963 |
Generelle mål etter ombygging i 1963 | |
Tonnasje: | 78 brt |
Daudvekt: | 120 tonn |
Installert effekt : | 50 bhk |
Framdrift: | 1syl 2tev Wichmann (1938) |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Vartun» |
Eigar: |
1971: Tor Vargervik, Jørpeland/Stavanger 1977: Jacob Jacobsen, Førland/Haugesund 1987: Geir Røssland, Fana/Haugesund |
Lagnad: | Framleis i drift (2011) |
MS «Tysnes» var ein lokalrutebåt som vart levert seint på sommaren 1930 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. I 1963 vart ho selt og ombygd til fraktefartøy. Etter mange år i lokal sandfart på Sørvestlandet som MS «T. J. Osnes» og etterkvart MS «Vartun», gjekk ho i opplag i 1985. Etter to år ved kai i Smedasundet i Haugesund vart ho selt til Fana ved Bergen med tanke på framtidig restaurering tilbake til utsjånaden ho hadde som lokalrutebåt. Restaureringsarbeidet starta i Dåfjorden på Fitjar i 2003.
MS «Tysnes»
endreMS «Tysnes» vart levert frå AS Mjellem & Karlsen i Bergen seint på sommaren 1930 og nytta i «Sunnhordland Lokalrute» (Leirvik – Mosterhamn – Valevåg – Leirvik – Halsnøy- Fjelberg – Sunde), i korrespondanse med HSD si «Sunnhordland Snøggrute» (Bergen – Leirvik – Bjoa – Ølen – Etne – Skånevik) i Leirvik på Stord. Ho vikarierte tidvis for den bilførande lokalrutebåten MK «Kinsarvik» som «bilferje» på Kyrping – Fjøra i Åkrafjorden («Tysnes» hadde plass til to personbilar på dekk). Ho vikarierte òg tidvis for lokalrutebåten DS «Ternen» i ruta Bergen – Austevoll – Fitjar.
I 1947 vart «Sunnhordland Lokalrute» endra noko og ho gjekk no Leirvik – Mosterhamn – Valevåg – Leirvik – Halsnøy – Sunde, i korrespondanse med buss frå Tittelsnes til Haugesund og «Sunnhordland Snøggrute» på Leirvik. Ruta vart typisk utført av den større lokalrutebåten «Eidfjord» om vinteren då «Tysnes» gjerne gjekk i vinteropplag.
Kring 1951 vart skipet noko ombygd. Ho fekk fast skansekledning i baug og hekk (hadde tidlegare ope rekkverk), i tillegg til at nedgangskappa til mannskapslugarane forut vart fjerna og ei dør inn frå salongen vart montert.
I 1963 vart «Sunnhordland Lokalrute» overteke av «Eidfjord» og «Tysnes» vart opplagt i Bergen.
MS «T. J. Osnes»
endreI august 1963 vart skipet selt til Olaf O. Osnes på Nordbø på Karmøy og registrert i Haugesund for kr 35 000. Ho vart ombygd til fraktefartøy ved Øklandsnes Slip i Auklandshamn i Sveio. Styrehuset og brua vart flytta atterover og ho fekk ny motor frå Wichmann. I 1964 kom skipet i fart som fraktefartøy kalla «T. J. Osnes». Ho vart då nytta i lokal sandfart rundt Haugesund.
MS «Vartun»
endreI 1971 vart skipet slet til Tor Vargervik på Jørpeland og registrert i Stavanger. Ho fekk då namnet «Vartun». I 1977 vart ho selt vidare til Jacob Jacobsen på Førland i Tysvær og registrert i Haugesund. Ho gjekk då framleis i lokal sandfart. Ho vart samtidig noko ombygd og siste resten av ope rekkverk langs lasteluka vart erstatta av fast rekkje. Ho fekk teakdøra i fronten av overbygget erstatta av ståldør og luka vart noko forlenga.
I 1980 vart skipet selt til Malvin Olsen i Haugesund og nytta i lokal sandfart. Ho vart opplagt i Smedasundet i Haugesund i 1985.
Veteranbåt
endre10. mars 1987 vart skipet selt til Geir Røssland, Fana ved Bergen og registrert i Haugesund med tanke på framtidig restaurering tilbake til original utsjånad som «Tysnes». Våren 1988 låg ho i opplag i Bergen, men vart halde ved like. I oktober 2002 vart ho flytta til Dåfjorden Slipp i Dåfjorden på Fitjar og restaureringsarbeidet kom i gang i 2003.
Per 2016 er MS Vartun, som no har fått det opphaveleget namnet sitt, Tysnes tilbake, framleis under restaurering.