Ma'anshan (kinesisk: 马鞍山; pinyin: Mǎ'ānshān) er eit byprefektur aust i provinsen Anhui i Kina, på grensa mot Nanjing i provinsen Jiangsu. Prefekturet har eit areal på 4 042 km² og 2,28 millionar innbyggjarar. Etter august 2011 omfattar byprefekturet Ma'anshan tre distrikt og tre fylke.

Ma'anshan (gul) i Anhui

NæringEndra

Stålindustri er hovudnæring, konsernet Magang («Mastål») har over 100 000 tilsette. Byen Ma'anshan ligg på begge sider av Chang Jiang og har ein heil del skipsindustri.

SamferdsleEndra

Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Han tek til i Shanhaiguan i Hebei og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Vegen går gjennom byar som Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou.

Utsyn over det sentrale Ma'anshan

KjelderEndra