Makta
Makta er ein norsk dramaserie som hadde premiere på NRK i oktober 2023.[1] Serien er skapt av Johan Fasting, Silje Storstein og Kristin Grue, og produsert av Motlys og Novemberfilm. Serien består av tolv episodar fordelt på to deler; fyrste del blei sendt hausten 2023, og andre del blir sendt frå januar 2024.
Type | fjernsynsserie | ||
---|---|---|---|
Sjanger | drama | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Språk | norsk |
Handling
endreSerien er basert på verkelege hendingar; han følgjer maktkampen i Arbeidarpartiet i 1970- og 1980-åra, og blir introdusert som ei forteljing «basert på sannhet, løgn og dårlig hukommelse».[3] Kathrine Thorborg Johansen og Jan Gunnar Røise spelar hovudrollene som Gro Harlem Brundtland og Reiulf Steen.
Rolleliste
endreØkonomi
endreI desember 2020 fekk produksjonsselskapet bak serien tildelt 10 millionar kroner i støtte av Norsk filminstitutt.[4] Totalt hadde serien eit budsjett på 130 millionar kroner.[5]
Mottaking
endreSerien har fått svært gode meldingar,[6][7] men framstillinga av sentrale Arbeidarparti-politikarar har også fått kritikk.
I ein post på Facebook-profilen sin, skreiv tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland: «Reiulf Steen var ikke bare en drukkenbolt, og slett ikke en livsfjern tåkefyrste. [...] Odvar Nordli var slett ingen bygdetulling. Han kunne formulere i én setning det intellektuelle måtte skrive tusen ord for å komme fram til, gjerne under tvil. [...] Trygve Bratteli er en av partiets og Norges viktigste. Han var fåmælt, men ikke så puslete og tragisk som han fremstilles.»[8]
Det er også påpeikt at mens mange av dei andre i partileiinga framstår som karikaturar av seg sjølv i serien, blir Gro Harlem Brundtland løfta fram som ein helt: «Tv-serien «Makta» er bygd opp som et heltedrama med Gro Harlem Brundtland i rolla som Messias», skreiv Bjørgulv Braanen.[9]
Prisar og nominasjonar
endreUnder TV-seriefestivalen Cannesseries i april 2023 vann Makta prisen for beste serie, og komponisten Kåre Vestrheim vann prisen for beste musikk.[10] Serien blei tildelt heiderleg omtale under Prix Europa i 2023 i klassen beste TV-fiksjon.[11]
Kjelder
endre- ↑ «Makta». nrk.no. 17. oktober 2023. Henta 30. oktober 2023. «Makta er en dramaserie om det intense maktspillet innad i Arbeiderpartiet på 70- og 80-tallet. Det er en historie basert på sannhet, løgn og dårlig hukommelse.»
- ↑ «To priser til norsk TV-serie i Cannes». NRK.no. 20. april 2023. Henta 23. desember 2023.
- ↑ «TV-anmeldelse «Makta»: Setter en ny standard». vg.no. 28. oktober 2023. Henta 30. oktober 2023.
- ↑ «Se tildelinger 2016 til 2020». NFI (på norsk). Henta 15. august 2023.
- ↑ ««En dramaserie basert på sannhet, løgn og dårlig hukommelse»». Dagsavisen (på norsk). 11. desember 2020. Henta 15. august 2023.
- ↑ «Makta vinner over fakta». dagbladet.no. 31. oktober 2023. Henta 22. november 2023.
- ↑ «TV-anmeldelse «Makta»: Setter en ny standard». vg.no. 28. oktober 2023. Henta 22. november 2023.
- ↑ «Thorbjørn Jagland ut mot «Makta»: − Odvar Nordli var slett ingen bygdetulling». vg.no. 5. november 2023. Henta 22. november 2023.
- ↑ «En politisk håndverker». klassekampen.no. 9. november 2023. Henta 22. november 2023.
- ↑ ««Makta» fikk to priser under Canneseries». rushprint.no. 20. april 2023. Henta 30. oktober 2023.
- ↑ «Congratulations to all PRIX EUROPA 2023 winners!». prixeuropa.eu (på engelsk). 27. oktober 2023. Henta 30. oktober 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Makta» frå Wikipedia på bokmål, den 23. desember 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Makta hos NRK TV.
- Makta hos Filmfront.
- Makta hos The Internet Movie Database.
- Makta hos The Movie Database.