Fredrik IX av Danmark
Frederik IX (11. mars 1899–14. januar 1972) var eldste son av kong Christian X av Danmark og dronning Alexandrine av Danmark. Han var konge av Danmark frå 1947 til 1972.
Fredrik IX | |||
| |||
Konge av Danmark | |||
Regjeringstid | 20. april 1947–14. januar 1972 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 11. mars 1899 | ||
Fødestad | Sorgenfri slott | ||
Død | 14. januar 1972 | ||
Dødsstad | Københavns Kommunehospital | ||
Gravstad | Roskilde domkyrkje | ||
Gift med | Ingrid av Danmark | ||
Dynasti | Huset Glücksborg (Danmark) | ||
Far | Kristian X av Danmark | ||
Mor | Alexandrine av Danmark | ||
Born | Margrethe II av Danmark, Prinsesse Benedikte, Anne-Marie av Hellas |
I 1922 trulova kronprinsen seg med den greske prinsessa Olga, men trulovinga blei heva etter berre nokre månader. Den 24. mai 1935 gifta han sig i Storkyrkan i Stockholm med prinsesse Ingrid, dotter av kronprins Gustav Adolf og kronprinsesse Margaretha.
Den 16. april 1940, sju dagar etter at landet var blitt okkupert av tyske styrkar, fekk kronprinsparet sitt først barn, Margrethe. Den vesle prinsessa blei sett på som eit lyspunkt i ei mørk tid. Under krigen kunne københavnarane ofte sjå kronprinsparet trilla rundt i hovudstaden med barnevogn eller sykkel. Etter kvart fekk dei prinsesse Benedikte den 29. april 1944 og prinsesse Anne-Marie den 30. august 1946.
Til forskjell frå tidlegare kongar valde Frederik IX å gjera karriere i marinen framfor hæren, og i 1945 blei han utnemnd til kontreadmiral. Han elska livet på sjøen, og som ein ekte sjømann hadde han òg tatoveringar. Han og dronning Ingrid vitja nær sagt kvar hamn i Danmark med kongeskipet «Dannebrog», og drog òg til Grønland og Færøyane.
Frederik IX hadde òg ein stor lidenskap for musikk. Han var dirigent for fleire danske og utanlandske orkester, og skal òg ha vore ein dyktig musikar. Han var også glad i å jakta, og heldt mange samlingar ved jakthytta si i Trend.
Kongen døydde den 14. januar 1972 etter kort tids sjukdom, og blei gravlagd i Roskilde domkyrkje. Med sitt varme og folkelege vesen hadde kongen redusert avstanden mellom kongefamilien og det danske folket.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |