Mariamman, Mariamma eller Marikamba, også kjend som Mari (kanskje 'endring' eller 'perle') eller Amman ('mor'), er ei modergudinne som blir dyrka på landsbygda i Sør-India, særleg i statane Tamil Nadu og Karnataka, på Sri Lanka og i sørindiske utvandrarmiljø i Søraust-Asia.

Statue av Mariamman pynta med blomekransar.
Mariammanskulptur, med trefork, omgjeven av andre figurar inne i eit mariammantempel.

Gudinna blir særleg forbunden med sjukdommar som koppar, vasskoppar, meslingar, kolera og tuberkulose. Ho kan både senda og verna mot desse sjukdommane. Ho er òg forbunde med regn og nedkjøling, og blir beden om å senda dette under dei varme sommarmånadane. I tillegg kan ho signa tilbedarar med gode ektefellar, ungar og liknande.

Mariamma blir ofte likna med den nordindiske gudinna Sittaladevi, og mange tilhengjarar ser på dei to som den same gudinna.

Opphav endre

Gudinna er kjend under mange namn og er landsbygudinne fleire stader i Sør-India. Det finst òg mange ulike forteljingar om korleis ho blei til og fekk kreftene sine. Dei fleste går ut på at ho blei urettvist behandla av ein eller fleire menn; til dømes ved at ho blei urettmessig skulda for ikkje å vera kysk når ho var det, og drepen; ho blei urettvist forbanna, eller ho blei lurt av den ho gifta seg med.

Gjennom denne urettvise behandlinga, som mange indiske kvinner lett kan kjenna seg igjen i, fekk Mariamma sinne og øydeleggjande krefter. I ei soge brenn ho opp seg sjølv før ho framstår i guddommeleg skikkelse; i andre får ho evna til å påføra andre koppar og lega dei igjen. Det blir til og med fortald at ho vitja gudane og gjorde dei sjuke, og først gjorde dei friske att når dei hadde gjeve henne kraftfulle gjenstandar.

Tilbeding endre

Statuar av gudinna blir dekte med kransar av limefrukter. Om sommaren går folk langt med vasskrukker som òg inneheld gurkemeie og nímblad for at gudinna skal verna dei mot epidemiane som ofte kjem på denne tida. Meir brutale former for tilbeding er òg vanleg, til dømes dyreoffer, gjennomstikking av tunga med eit lite spyd og å gå på glødande trekol.

 
Tempelet i Singapore i 1901.
 
Mariammantempelet i Singapore.

Tempel endre

Mange mariammatempel har ei maurtue utanfor der det kan bu ein kobra. Denne blir dyrka som ein gud, og gjeven mjølk og egg i offer.

I tempel til gudinna er ho tradisjonelt representert med ein enkel stein med skarp spiss, som eit spyd, av granitt. I dag er det blitt vanlegare å visa henne i kvinneleg form med fleire par armar.

I tillegg til talrike gudinnetempel over heile Sør-India finst det store tempel til Mariamma i Singapore og Pretoria i Sør-Afrika, begge frå om lag 1900.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre