Markgrevskapet Brandenburg
Markgrevskapet Brandenburg (tysk Markgrafschaft Brandenburg eller Mark Brandenburg) var eit stort fyrstedøme i Det tysk-romerske riket frå 1157 til 1806. Det spelte ei vesentleg rolle i Tyskland og Sentral-Europa.
Mark/Markgrafschaft Brandenburg Markgrevskapet Brandenburg | ||||
Stat i Det tysk-romerske riket Kurfyrstedøme (1356–1806) | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Hovudstad | Brandenburg Berlin (frå 1417) | |||
Religion | Romersk-katolsk Lutheranisme Calvinisme | |||
Styreform | Monarki | |||
Markgreve | ||||
- 1157–1170 | Albrekt Bjørnen (første) | |||
- 1797–1806 | Fredrik Vilhelm III (siste) | |||
Historie | ||||
- Markgrevskapet oppretta | 3. oktober 1157 | |||
- Kurfyrstedømet oppretta | 25. desember 1356 | |||
- Brandenburg-Preussen | 27. august 1618 | |||
- Kongedømet Preussen | 1. januar 1701 | |||
- Oppløysinga av riket | 6. august 1806 |
Brandenburg utvikla seg frå Nordmark som vart grunnlagd i landområdet til det slaviske folket vendarane. Dei regjerande markgrevane vart sett inn som høgt respekterte kurfyrstar i Den gylne bullen i 1356, noko som gav dei stemmerett i valet av den tysk-romerske keisaren. Staten vart då etter kvart òg kjend som Kurfyrstedømet Brandenburg (Kurfürstentum Brandenburg eller Kurbrandenburg).
Huset Hohenzollern tok over trona av Brandenburg i 1415. Under Hohenzollern sitt styre fekk Brandenburg raskt meir makt på 1600-talet og arva Hertugdømet Preussen. Dette vart til Brandenburg-Preussen, ein føregjengar for Kongedømet Preussen, som skulle verte den leiande tyske staten på 1700-talet. Sjølv om den høgaste tittelen til kurfyrstane var Konge av Prøyssen, var maktbasen deira i Brandenburg og hovudstadane Berlin og Potsdam.
Markgrevskapet Brandenburg enda då det gamle Tysk-romerske riket vart oppløyst i 1806 og vart erstatta av den prøyssiske provinsen Brandenburg i 1815. Trass i ein treg start i Det tysk-romerske riket, klarte Hohenzollern i Kongedømet Preussen å samle Tyskland og opprette Det tyske riket i 1871. «Mark Brandenburg» vert framleis uformelt nytta i dag som om forbundslandet Brandenburg i Tyskland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Margraviate of Brandenburg» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Den tyske utgåva av artikkelen frå 22. januar 2007.
- H.W. Koch (1978). A History of Prussia. New York: Barnes & Noble Books. s. 326. ISBN 0-88029-158-3.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Brandenburg1260.de Hochmittelalter in der Mark Brandenburg
- Der Brandenburger Landstreicher Arkivert 2007-02-05 ved Wayback Machine.
- Historisk kart over Brandenburg frå 1789