Marlborough Sounds

Marlborough Sounds er eit utstrekt nettverk av overfløymde elvedalar i den nordlege enden av SørøyaNew Zealand. Dei vart danna ved ein kombinasjon av subsidens og stigande havnivå[1] i nord på Sørøya. I maorimytologi er sunda stamnane til nedsokne wakaer frå Aoraki.[2]

Tory Channel, ein hovudarm i Queen Charlotte Sound.
Sunda er synlege til venstre for romferja, biletet er teke frå Den internasjonale romstasjonen.

Oversikt endre

Området omfattar om lag 4000 km² med sund, øyer og halvøyer. Marlborough Sounds ligg i den nordaustlege delen på Sørøya, mellom Tasman Bay i vest og Cloudy Bay i søraust. Den nesten fraktale kystlinja utgjer 1/5 av kysten til New Zealand.[3]

Dei bratte, skogkledde åsane, og dei små, fredelege buktene er sparsamt busette, fordi tilkomsten er vanskeleg. Mange av dei små busetnadane og og einslege hus kan berre nåast med båt. Den største hamna er Picton, ved munningen til Queen Charlotte Sound. Her ligg òg den nordlege terminalen til hovudjarnvegen og vegnettet på Sørøya. Den viktigaste småbåthamna er Waikawa, som er ei av dei største på New Zealand, og er ein base for fritidssegling og turistar.

Andre større sund, utanom Queen Charlotte Sound, er Pelorus Sound og Kenepuru Sound. Tory Channel er ein større arm av Queen Charlotte Sound, og mellom seg isolerer desse sunda åsane på Arapaoa Island frå fastlandet på Sørøya. Av andre øyer i sunda er D'Urville Island.

Sunda er tilhaldsstaden til heile den hekkande populasjonen av den sjeldne og truga vorteskarven (også kjend som den newzealandske storskarvkongen) som hekker på nokre få, steinute øyer, Duffers Reef, Sentinel Rock, Trio Islands og White Rocks.[4] DOC administrerer i alt meir enn 50 reservat i området.[5]

Historie endre

Førmoderne tid endre

Sunda var i utstrekt bruk og delvis busette av maorigrupper før europearane kom. Dei søkte ly i sunda i dårleg vêr, og utnytta dei rike matkjeldene i sjøen. Dei var også kjende for å frakta kanoane side over land, etter båtdrag.[5] Som i dei fleste områda på Sørøya, var māoripopulasjonen her mindre enn på på Nordøya.

Ein meiner at den europeiske historien i dette området starta med at kaptein James Cook vitja sunda i 1770-åra. Der oppdaga han ein plante, (Cooks skjørbuksurt), som har eit høgt innhald av vitamin C, og som hjelpte til med å kurera skjørbuk blant mannskapet. På Motuaraøya proklamerte Cook britisk suverenitet over Sørøya.[5] Somme område i sunda bygde seinare opp betydeleg kvalfangst.[5] Mange av sunda var (tynt) busette av europeiske farmarar sist på 1800-talet og tidleg på 1900-talet.

Ferjer og havbruk endre

 
Marlborough Sounds sett frå Wellington-Picton-ferja.

Marlborough Sounds har samband med Cooksundet i den nordaustlege delen. På denne staden er Nordøya nærast Sørøya, og sambandet mellom øyene, både både når det gjeld vegtransport, jarnveg og passasjertrafikk, som går via ferjer mellom Picton og Wellington, går gjennom sunda. Havbruk, særleg oppdrett av [[laks] og muslingar, starta i 1960-åra, og er vorte stadig meir utvikla.[6] Det vart påstått at kjølvatnet frå snøgtgåande katamaran-ferjer mellom Nord- og Sørøya skada oppdrettsanlegg og øydela havbotnen i område med krabbar. Dei vart også skulda for å skylja bort sand frå lokale strender, og å skada landingsplassar og andre anlegg nær sjøen. Dette resulterte i eit klagemål som vart handsama i Miljødomstolen på New Zealand tidleg i 1990-åra. Klagen, og eit krav om å innføra restriksjonar på farten til ferjene, vart fremja av ei miljøverngruppe, «Guardians of the Sounds». Domstolen ikkje berre avviste klagen og kravet om fartsrestriksjonar for ferjene, men bøtela også gruppa som reiste saka til å betala 300 000 NZ-dollar i sakskostnadar. Dette vart sett på som eit slag mot sivile aksjonar og ei avgrensing i lova om ressurshandsaming av 1991 (Resource Management Act 1991).

Etter kvart vart skadane meir tydelege, og protestane heldt fram, og til slutt vart snøggferjene (som berre trafikkerte i sommarsesongen) pålagde ein høgaste fart på 18 knop (offisielt av tryggleiksårsaker). Dette minska den føremonen dei hadde i tidsbruk i høve til dei konvensjonelle ferjene.[7] Snøggferjetrafikken er seinare lagd ned.

Farlege farvatn endre

Dei fleste armane i Marlborough Sounds har roleg vatn og er populære for segling. Cooksundet er derimot berykta for sterke havstraumar og uroleg sjø, særleg om vinden kjem frå sør eller nord. Difor kan det vera risikabelt å segla i somme av dei tronge passasjane nær Cooksundet. Det best kjende av desse er French Pass ved den sørlege enden av D'Urville Island, som har fleire sterke straumkvervlar.

Det mest kjende skipsvraket i sunda er det russiske cruiseskipet «Mikhail Lermontov», som sokk i 1986 i Port Gore, nær munningen til Queen Charlotte Sound, etter å ha gått på eit skjær. Ein av mannskapet vart drepen i ulukka. Sjølve vraket er no eit populært mål for sportsdykkarar.

Referansar endre

  1. Willem de Lange (13. juli 2012). «Coastal erosion -Rocky Coasts». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 20. mars 2017. 
  2. Malcolm McKinnon. «Marlborough region - Overview». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 5. juni 2017. 
  3. «Marlboroug Sounds». New Zealand tourism guide. Henta 6. juni 2017. 
  4. «Rough-faced Shag (Phalacrocorax carunculatus)». BirdLife international. Henta 7. juni 2017. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Marlborough Sounds (frå vevsidene til DOC. Vitja 7. juni 2017)
  6. History of the NZMFA Arkivert 2007-08-14 ved Archive.is New Zealand Seafood Industry Council
  7. [1] (frå aksjonsgruppa Guardians of the Sounds sine vevsider.)

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Marlborough Sounds frå Wikivoyage

41°08′30″S 174°05′22″E / 41.14167°S 174.08944°E / -41.14167; 174.08944