Cavia
pattedyrslekt
(Omdirigert frå Marsvinslekta)
Marsvin (Cavia) er ei gnagarslekt i familien Caviidae, har ein flat nase, er dekt av pels og har ein nesten usynleg halestump. Marsvin er planteetarar og kan ikkje ta til seg næring korkje frå kjøt eller mjølkeprodukt. Det finst 9 ulike marsvinarter, som held til i ulike regionar av Sør-Amerika. Tammarsvin, Cavia porcellus, stammar frå Andes-regionen (Peru, Bolivia, Ecuador), der det har blitt brukt som mat i meir enn 4000 år. I dag er det eit populært kjæledyr, men også brukt i forsking. Ville marsvin har kort, brun eller grå pels, medan tamme marsvin har stor variasjon både i fargar og pelslengde.
Cavia | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Cavia | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Gnagarar Rodentia |
Familie: | Marsvinfamilien Caviidae |
Underfamilie: | Caviinae |
Slekt: | Cavia Pallas, 1766 |
Artar
endre- Cavia anolaimae (ofte rekna som C. porcellus) - Colombia
- Cavia aperea – Brasiliansk marsvin, vanleg aust for Andes
- Cavia fulgida – austre Brasil
- Cavia guianae (ofte rekna som C. porcellus) - Venezuela, Guyana, Brasil
- Cavia intermedia – øygruppa Moleques do Sul i delstaten Santa Catarina i Brasil, først skildra i 1999
- Cavia magna – stort marsvin, Uruguay, Søraustbrasil
- Cavia nana (ofte rekna som C. tschudii)
- Cavia porcellus – tammarsvin
- Cavia tschudii – fjellmarsvin. Peru sør til nordlege Chile og nordvestre Argentina
Bilete
endreKjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Cavia» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Nanna & Per's marsvinesider Arkivert 2008-09-18 ved Wayback Machine. (dansk)