Maskesongar
Maskesongar (Curruca conspicillata, òg Sylvia conspicillata) er ein fugl i songarfamilien og medlem av slekta Curruca, som òg vert kalla «typiske songarar». Det artsspesifikke namneleddet conspicillata er frå latin conspicillum, ein stad å sjå frå, tilsvarer «å ha på seg briller».[1] Arten har hovudsakleg utbreiing i Nordvest-Afrika, Sørvest-Europa, nærliggande øyar i Atlanteren og Middelhavet, dessutan ved austre Middelhavet inkludert Kypros.
Maskesongar | |
Maskesongar Foto: Juan Emilio
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Songarfamilien Sylviidae |
Slekt: | Curruca |
Art: | Maskesongar C. conspicillata |
Vitskapleg namn | |
Curruca conspicillata |
Skildring
endreDette er ein liten «songar», han har ei kropsslengd på ca. 13 centimeter og veg i området 7,8 til 13,1 gram[2] og er ein mellomting mellom tornsongar og atlassongar i fjørdrakt. Maskesongarar har brun overside og brungul underside, med kastanjefarga vengeflekker og ein kvit strupe. Vaksne hannar har grått hovud og kvit augering som gjev arten namnet. Umodne fuglar liknar både tornsongar og raudstrupesongar, og identifikasjon er vanskeleg ute i feltet. Songen er ei snøgg, høg trille.
Maskesongarar hekkar i nordvestlige Afrika, sørvestre Europa frå Iberia til Italia, på dei store øyane i vestlege Middelhavet, og vidare på Kypros og kystnære område i Midt-Austen. Underarten S. c. orbitalis lever på Kapp Verde, Kanariøyane og Madeira. Den nordlegaste delen av populasjonen trekker til Nord-Afrika inkludert Egypt. Denne fuglen er ein sjeldan streiffugl til Nord- og Vest-Europa.
Desse små sporvefuglane lever i tørt, ope landskap med buskar. I likskap med slektningane sine, er maskesongar ein insektetar.
Storleiken på populasjonen er estimert til ca. 332 000-900 000 individ. Arten er klassifisert som livskraftig.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Spectacled Warbler» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2016.
- Referansar
- ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 117, 376. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Aymí, R. & Gargallo, G. (2016) Spectacled Warbler (Sylvia conspicillata) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. desember 2016
- ↑ BirdLife International (2016) Species factsheet: Sylvia conspicillata Arkivert 2015-06-08 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. desember 2016