Kaipara District
Kaipara District er eit distrikt i regionen Northland på Nordøya på New Zealand. Byen Dargaville er administrasjonssenter i distriktet.
Kaipara District | |||
region | |||
Utsyn mot Maungaturoto
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Northland | ||
Hovudstad | Dargaville | ||
Areal | 3 109 km² | ||
Folketal | 18 960[1] (2013) | ||
Tidssone | NZST (UTC+12) | ||
Kaipara District 36°04′S 174°05′E / 36.06°S 174.09°E | |||
Kart som viser Kaipara District.
| |||
Wikimedia Commons: Kaipara District | |||
Nettstad: http://www.kaipara.govt.nz |
Geografi
endreKaipara District er dei låge åsområda kring dei nordlege breiddene til Kaipara Harbour, ei stor, naturleg hamn som opnar seg mot Tasmanhavet.
Det grovt sett trekanta distriktet strekkjer seg frå ei avsmaling på halvøya North Auckland Peninsula sør for Maungaturoto i søraust, til skogområdet Waipoua Forest i nordvest, og strekker seg herfrå nedetter vestkysten til Kaipara Harbour. Distriktet er delt i to av elva Wairoa River og tilførsleelvene som tømmer seg i nordenden av Kaipara Harbour.
Populasjon
endreByane Dargaville, Maungaturoto og Kaiwaka og områda omkring hadde ved folketeljinga i 2013 eit innbyggjartal på 18 960.[1] Av desse bur om lag 4250 i Dargaville, som er den største busetnaden i distriktet.[2]
Populasjonen er for ein stor del rural, og held til i mindre busetnader som ligg spreidd omkring i det bølgjande landskapet. Området kring Dargaville er kjent for å ha mange innbyggjarar som stammar frå Dalmatia.
Den næraste større byen er Whangarei, 45 km nordaust for Dargaville.
Lokalstyre
endreKaiparadistriktet er delt i fire område:
- Dargaville
- Otamatea
- Central
- West Coast
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 2013 Census QuickStats about a place: Kaipara District. Statistics New Zealand. den 15. september 2016.
- ↑ 2013 Census QuickStats about a place: Dargaville. Statistics New Zealand. den 15. september 2016.