Gulaugepingvin
Gulaugepingvin (Megadyptes antipodes) er ein pingvin som er endemisk for New Zealand. Han er einaste arten i slekta Megadyptes, molekylær forsking har vist at han er nærmast nærskyld til pingvinar frå slekta Eudyptes. Som dei fleste andre pingvinar, har han ein diett hovudsakleg av fisk.
Gulaugepingvin | |
Gulaugepingvin i Curio Bay, New Zealand. Foto: Christian Mehlführe
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av Gulaugepingvin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sphenisciformes |
Familie: | Pingvinar Spheniscidae |
Slekt: | Megadyptes |
Art: | Gulaugepingvin M. antipodes |
Vitskapleg namn | |
Megadyptes antipodes |
Arten hekkar på aust og sørkysten av Sørøya på New Zealand, og dessutan på Stewart, Auckland og Campbell-øyane sør for Sørøya.
Skildring
endreDette er ein mellomstor pingvin, 62–79 cm i høgd. Vekta variere gjennom året og er størst rett før myting, 5,5 til 8 kg, og går ned til 3–6 kg rett etter myting. Hannar er større enn hoer.[1] Hos vaksne er framhovud og sider av hovudet bleikgult, fjørskafta er mørkare inn mot huda. Iris er lys gul. Det er eit band av klår gul farge frå auga og bakover rundt til baksida av hovudet. Ungfuglar har eit gråare hovud utan band og auga deira har grå iris.
Fisk gjer ut for det meste av innhaldet i dietten til gulaugepingvinar. Storleiken på fisken er liten til mellomstor, opp til 32 cm i lengd. I tillegg kan dei ta noko blekksprut og kril. Dei fangar fisken under dukking og kan dukke ned til 160 meters djupne.[1]
Gulaugepingvinar er monogame og dannar langsiktige partnarskap, første hekkinga skjer ved 2-4 års alderen, hannar er eldst ved første hekking. Dei hekkar vanlegvis i skog eller kratt, eller nede ved sjøkanten, vendt mot sjøen. Egglegging skjer typisk i oktober månad. Kullet består av eit eller meir vanleg to blågrøne egg som blir ruga i 39-51 dagar til klekking. Begge foreldra rugar på skift, kvart skift på ca. 2 dagar. Dei første 25 dagane etter klekking treng ungane varme frå ein forelder og dei er uavhengige av foreldra først etter 97-118 dagar.[1] Einskilde individ av gulaugepingvin kan nå ein alder på over 20 år.
Denne pingvinarten har ein estimert populasjon på totalt ca. 7000 individ,[1] og er minkande.[2] Han er klassifisert som sterkt truga.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer delvis på «Yellow-eyed Penguin» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2012
- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Megadyptes antipodes Arkivert 2011-12-10 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 10. juli 2012
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av gulaugepingvinar hos Internet Bird Collection
- Hartl, E. 2001. Megadyptes antipodes (On-line), Animal Diversity Web.