Mehanken
Mehanken er ein springar som har vore mykje nytta i Valdres, men som og finst i Sogn. Slåtten er eit tydeleg døme på tradisjonsmateriale som har vandra fram og attende mellom Sogn og Valdres (som Skinntrøya). Namnet Mehanken skriv seg frå eit visebrot som har vore kjend i Øystre Slidre og som er måta til slåtten, ev. som slåtten har vorte dikta over. Etter Guri Hegge er dette nedskrive:
- Mehanken ytte ut jødnbåten sin,
- han rakla so langt nord med strendo.
- Han spende i me beino si
- so det knaka i tøfto og bøndo.
- No ha e rott i femta år,
- o åridn ligge i keipo.
- femta par hanska te åre e sleit,
- o endå gjore de vont uti greipo.
Spelmannen Ola Bøe song stevet i noko meir samantrengt form, kanskje for å få stevet til å høve den raske springartakta:
- Mehanken gjorde se jødnbåt
- so reiste han sø med løndo
- so spente`n i me bakføto si
- so det braka i alle bøndo.
Steva er forma som firelina balladestrofer, og også innhaldet peiker i retning av at det kan vera ein rest av ei gamal skjemteballade i stil med Tordivelen og flua. Ein Mehank er dialekt for myhank.
Variantgruppa endre
Slåtten har nr 478 i hardingfeleverket, og det er trykt opp fem variantar.
- a: Springar, etter Gudmund Eide, Bruvik i Hordaland. Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B 241). Eide lærte slåtten av Ola Romarheim, Hosanger, i 1862.
- b: Springar, etter Gregus Sætre, Brekke i Sogn. Nedskrift Arne Bjørndal 1918. Sætre lærte slåtten av Lasse Trædal i 1870-åra. Han var far til stortingsmann Nils Trædal.
- c: Kleggen, etter John Dale, Øystre Slidre. Nedskrift Eivind Groven 1922 (G 479). Dale hadde slåtten etter Jøger Sagahaugen frå Øystre Slidre.
- d: Springar etter Per Haugset, etter Olav Øyraker, Vestre Slidre. Nedskrift Eivind Groven 1959 (G 1124).
- e: Mehanken, etter Ola Bøe, Vestre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Bøe hadde slåtten etter bestefaren Per Haugset. Han meinte det var Per som hadde laga slåtten.
.