Mellomordovicium

Mellomordovicium er den andre epoken i perioden ordovicium, og varte frå 472 til 461 millionar år sidan. På denne tida dekte varmt, grunt hav det meste av landområda og inneheldt eit rikt dyreliv. Tradisjonelt har mellomordovicium vorte delt inn i aldrane llanvirn og llandielo, men desse har no vorte erstatta av to nyare aldrar kalla ordovivium III og darriwilium.

Nord-Amerika låg på denne tida på begge sider av ekvator, medan superkontinentet Gondwana nærma seg Sørpolen. Gondwana inkluderte Sør-Amerika, Afrika, India, Antarktis, Australia og Sør-Europa.

Tidleg ordovicium hadde vore dominert av trilobittar, men vart no erstatta av eit meir blanda økosystem, som inkluderte armføtingar, mosdyr, muslingar og pigghudingar. Det var rikt på tabulatkorallar og dei første rugosakorallane oppstod. Planktonliknande graptolittar var framleis mangfaldige og diplograptinar dukka opp. Bioerosjon vart ein viktig prosess, særleg i dei tjukke kalsittskjela til korallane, mosdyra og armføtingane og eit omfattande lag med karbonatbergartar oppstod i denne tida.

Den tidlegaste kjende virveldyret, ein pansra kjevelaus fisk (Ostracoderm) kalla Arandaspis er funnen i Australia og er datert til mellomordovicium.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Ordovicium
Nedre/tidleg ordovicium Mellomordovicium Øvre/sein ordovicium
Tremadocium | Floium Dappingium | Darriwilium Sandbium | Katium
Hirnantium