Opna hovudmenyen

Melodi Grand Prix 1981

21. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 1981 var den 21. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK inviterte ti komponistar til å sende inn bidrag til finalen 7. mars 1981. Vinnaren blei «Aldri i livet» komponert og framført av Finn Kalvik. Han representerte også Noreg i den internasjonale finalen i Dublin, der songen enda på 20. og siste plass utan poeng. Dette var tredje gong Noreg fekk 0 poeng i tevlinga, og det var Noregs sjette sisteplass.

Melodi Grand Prix 1981
Dato
Finale 7. mars 1981
Vertskap
Finale Studio 2, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Sverre Kjelsberg
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Aldri i livet»
Artist Finn Kalvik
Resultat i Eurovision Song Contest 1981
Finalepoeng 0
Finaleplass 20.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1980 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1982

SendingaEndra

Etter suksessen året før, heldt NRK seg til same oppskrift og inviterte ti kjende komponistar til å levere bidrag. Komponistane fekk sjølv velje tekst, arrangør og artist.

Finalen blei igjen halden i Studio 2 på NRK Marienlyst, og denne gong var det vinnaren frå 1980 Sverre Kjelsberg som var programleiar. Dei ti bidraga blei akkompagnerte av Kringkastingsorkestret under leiing av Egil Monn-Iversen.

Også dette året var det ei rekkje kjende namn blant komponistane og artistane, mellom anna Tore Hansen, Terje Rypdal, Halvdan Sivertsen og Tramteatret. Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov debuterte også i Melodi Grand Prix med låten «1984». Treffande nok skulle dei vinne konkurransen nettopp i 1984.

Kjeldsberg framførte låten «I Dublin, i Dublin» i pausen før avstemminga. Ein jury av ni fagfolk røysta fram «Aldri i livet» som klar vinnar i finalen. Nok ein gong brukte NRK datamaskinen «Petra» til å oppdaterte den digitale poengtavla.

ResultatEndra

AvstemmingEndra

Juryen bestod av ni fagfolk som sat i Studio 4. Kvar jurymedlem rangerte dei ti låtane frå 1 til 10 poeng. Bjørn Jacobsen var juryformann.[1]

Nr. Tittel Åsmund Feidje Turid Pedersen Halvard Kausland Bjørn Kruse Ellen Nikolaysen Sigurd Jansen Kari Svendsen Anita Skorgan Bjørn Jacobsen Totalt
A «Rock 'n' roller» 4 3 5 7 9 5 4 7 8 52
B «Lei mæ hjem» 8 9 2 8 10 6 9 9 3 64
C «1984» 3 5 8 3 3 4 6 8 9 49
D «Rock 'n' roll» 5 1 4 2 1 1 1 2 2 19
E «Tanker» 7 6 10 10 8 7 7 3 5 63
F «Lorelei» 1 2 3 1 6 2 8 6 6 35
G «Liv laga» 6 8 1 6 5 3 2 4 4 39
H «Født på ny» 2 4 9 5 2 9 3 1 1 36
I «Det er vår tur nå» 10 7 7 4 4 10 5 5 7 59
J «Aldri i livet» 9 10 6 9 7 8 10 10 10 79

HendingarEndra

Det var ei stund uvisst om det i det heile tatt ville bli nokon Melodi Grand Prix-finale dette året. Grunnen var usemje mellom NRK og Norsk Musikerforbund, men partane blei samde innan finalen.[2]

Pressa var skeptisk etter finalen, og Aftenposten meinte vinnermelodien ikkje var iøyrefallande nok til å hevde seg internasjonalt.[3] VG var ikkje mer positiv og slakta sendinga og kalla vinnarlåten «liketil».[4][5] VG spurde òg Melodi Grand Prix-nestor Øivind Bergh om nokre av forventingane hans til Melodi Grand Prix hadde blitt innfridde etter at Noreg debuterte i 1960: «Til en viss grad, en liten grad. Men skal jeg være helt ærlig, så har vel ikke Grand Prix innfridd noe som helst.» svarte Bergh.[6]

I den internasjonale finalen kom «Aldri i livet» på sisteplass og enda med null poeng. Dette var andre gong på fire år at Noreg fekk 0 poeng i Eurovision Song Contest. I Storbritannia spekulerte dei no på om Noreg med vilje gjekk inn for å få null poeng.[7]

Likevel blei «Aldri i livet» ein hit i Noreg, og songen låg på VG-lista i sju veker med ein tredjeplass som beste plassering.[8] Songen blei også brukt i Tines Norvegia-reklame Rømme hjemmefra i 2006.[9]

Det var fjerde året på rad at den siste melodien ut i finalen blei vinnaren.

FotnotarEndra

  1. «Melodi Grand Prix 1981 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 7. mars 1981. Besøkt 25. juli 2016.
  2. «Uvisst om det blir norsk Grand Prix». Aftenposten. 26. februar 1981. s. 4.
  3. Dalland, Sverre (9. mars 1981). «God underholdning, slette melodier». Aftenposten. s. 10.
  4. «TV i helgen: Kalviks Waterloo». Verdens Gang. 9. mars 1981. s. 43.
  5. Bækkelund, Kjell (9. mars 1981). «Fornyelse? – Aldri i livet!». Verdens Gang. s. 36.
  6. Sande, Maggie (7. mars 1981). «– Hvorfor vinner vi aldri, Øivind Bergh?». Verdens Gang. s. 26.
  7. Hjort-Larsen, Arvid (7. april 1981). «BBC spør: Norge null-spekulanter?». Verdens Gang. s. 35.
  8. «VG-lista for «Aldri i livet»». VG. Besøkt 25. juli 2016.
  9. «Norvegia – Rømme hjemmefra». YouTube. Besøkt 25. juli 2016.