Opna hovudmenyen

Melodi Grand Prix 1987

27. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 1987 var den 27. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar kjempa i finalen 28. februar 1987 som blei arrangert i Chateau Neuf i Oslo. Vinnarlåten blei «Mitt liv», framført av Kate Gulbrandsen. Songen er komponert av Rolf Løvland med tekst av Løvland og Hanne Krogh. Kate Gulbrandsen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Brussel, der «Mitt liv» kom på 9. plass med 65 poeng.

Melodi Grand Prix 1987
Dato
Finale 28. februar 1987
Vertskap
Finale Chateau Neuf, Oslo
Programleiar Eldbjørg Vaage
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Mitt liv»
Artist Kate Gulbrandsen
Resultat i Eurovision Song Contest 1987
Finalepoeng 65
Finaleplass 9.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1986 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1988

SendingaEndra

Finalen var tilbake i Oslo, og storsalen i Chateau Neuf laurdag 28. februar. Programleiar var Eldbjørg Vaage, og i koret stod Frank Ådahl, Kari Gjærum, Amund Enger, Kari Iveland og Ståle Rasmussen. Eit storband på 13 musikarar akkompagnerte melodiane, og Terje Fjærn var kapellmeister.[1]

Seks av finalemelodiane blei plukka ut blant 305 innsendte songar, langt lågare enn åra før. Dei fire siste deltakarane blei inviterte av NRK. Juryen som valde ut låtane, bestod av Sidsel Endresen, Svein Gundersen og Arild Stav.[2]

Blant artistane var både nye og gamle andlet. Tor Endresen debuterte i Melodi Grand Prix, og han skulle vende attende til tevlinga ei rekkje gonger seinare. Sigvart Dagsland og Håkon Iversen hadde vore i koret i tidlegare finalar, men dette året deltok dei sjølv som solistar. Kjersti Bergesen deltok med «Go-Go», og ho skulle seinare gjøre karriere som programleiar på TV2. I tillegg var Olav Stedje, Frank Aleksandersen og Finn Kvalvik tilbake i tevlinga. Til slutt var det 21 år gamle Kate Gulbrandsen som vann den spennande røystinga med «Mitt liv», skriven av Rolf Løvland og Hanne Krogh.

Pausenummeret var eit utdrag frå musikalen Guys and Dolls.

ResultatEndra

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «Hemmelig drøm» Tor Endresen og Thowsen Band Knut Koppang 27 9
B «Til kvarandre» Egil Eldøen Per Røise 13 10
C «Go-Go» Kjersti Bergesen Harald Græsdahl og Tore Holm Kjersti Bergesen og Tore Holm 54 3
D «I samme båt» Sigvart Dagsland Amund Enger Erik Hillestad 38 7
E «Mange millioner» Håkon Iversen Håkon Iversen Håkon Iversen og Kaj Jordahl 56 2
F «Mitt liv» Kate Gulbrandsen Rolf Løvland Rolf Løvland og Hanne Krogh 60 1
G «Snurra på barten» Olav Stedje Jonas Fjeld Ingvar Moe 40 5
H «Dialog» Catwalk Tore Aas Eyvind Skeie 40 5
I «Malene» Finn Kalvik Finn Kalvik 42 4
J «Tru mæ» Frank Aleksandersen Frank Aleksandersen Frank Aleksandersen og Tore Hansen 36 8

RøystingEndra

Sju juryar frå ulike distriktskontor avgjorde resultatet. Kvar jury hadde elleve medlemmar i alderen 16 til 60 år, og kvar jury gav 1–8, 10 og 12 poeng til finalelåtane.

Nr. Tittel 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. Totalt
A «Hemmelig drøm» 5 6 2 2 2 7 3 27
B «Til kvarandre» 2 1 1 1 6 1 1 13
C «Go-Go» 3 7 12 12 10 8 2 54
D «I samme båt» 7 4 3 7 8 2 7 38
E «Mange millioner» 12 8 7 10 1 12 6 56
F «Mitt liv» 10 12 8 5 3 10 12 60
G «Snurra på barten» 4 10 5 4 7 5 5 40
H «Dialog» 1 3 10 6 12 4 4 40
I «Malene» 6 5 4 8 5 6 8 42
J «Tru mæ» 8 2 6 3 4 3 10 36

Dette var juryene: 1. Trondheim, 2. Bergen, 3. Elverum, 4. Stavanger, 5. Tromsø, 6. Oslo og 7. Kristiansand.

HendingarEndra

Etter det rekordstore showet året før gjekk NRK tilbake til «gamal oppskrift». Arrangøren ønskte likevel å skape eit «internasjonalt show» med lyseffektar, røyk og nye kulissar. «Vi bruker masse hvitt stoff som vi draperer og farver med lyset: Rosa, hvitt og blått.» sa scenograf Dag Frogner til Aftenposten før finalen.[3]

Anita Hegerland skulle eigentleg ha framført melodi H, «Dialog», men trekte seg nokre veker før finalen på grunn av eit anna oppdrag. Erstattaren blei gruppa Catwalk, som bestod av fem dansarar og songarar frå musikalen Cats. Eit av medlemmane var Øystein Wiik.[4]

Vinnarmelodien «Mitt liv» var opphavleg skriven med engelsk tekst av Helen Hampton. Den engelske tittelen var «The Woman and the Girl in Me».[5] Denne var med på debutplata The Beauty and the Beat.

FotnotarEndra

  1. «Melodi Grand Prix 1987 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 28. februar 1987. Besøkt 31. juli 2016.
  2. NTB Tekst (12. januar 1987). «Norsk finale i Melodi Grand Prix». Norsk Telegrambyrå.
  3. Vance, Bibi Plahte (11. februar 1987). «Hektisk før Grand Prix». Aftenposten. s. 75.
  4. NTB Tekst (4. februar 1987). «Utradisjonell gruppe i tradisjonell Grand Prix-finale». Norsk Telegrambyrå.
  5. «Mitt livs drøm». Verdens Gang. 2. mars 1987. s. 37.