Opna hovudmenyen

Melodi Grand Prix 1995

34. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 1995 var den 34. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar kjempa i finalen 1. april 1995 som blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo. Vinnarlåten blei «Nocturne», framført av Secret Garden. Songen er komponert av Rolf Løvland med tekst av Petter Skavlan. Secret Garden representerte Noreg i den internasjonale finalen i Dublin, der «Nocturne» vann med 148 poeng. Dette var Noregs andre siger i Eurovision Song Contest.

Melodi Grand Prix 1995
Dato
Finale 1. april 1995
Vertskap
Finale NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Petter Nome
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 18 (10 i finalen)
Vinnar
Song «Nocturne»
Artist Secret Garden
Resultat i Eurovision Song Contest 1995
Finalepoeng 148
Finaleplass 1.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1994 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1996

SendingaEndra

For første gong sidan 1983 blei finalen arrangert på NRK Marienlyst, dette året som ein del av tv-programmet Rondo med Petter Nome som programleiar og Synnøve Svabø som utereporter.[1]

Litt over 300 melodiar kom inn i NRKs opne konkurranse, og ein jury plukka ut 14 av dei til å delta i semifinalane vinteren 1995. I tillegg inviterte NRK fire komponistar til å sende inn bidrag: Nick Borgen, Arnold Børud, Rolf Graf og Rolf Løvland. Dei 18 songane kjempa to og to i duellar som eit fast innslag i tv-programmet Æres den som æres bør med Knut Bjørnsen som programleiar. Sjåarane røysta fram favorittane sine, og vinnarane av dei ni duellane gjekk til finalen laurdag 1. april. I tillegg valde ein jury ut den tiande finalisten blant dei ni utslåtte semifinalistane.

Finalistane blei akkompagnerte av eit åttemannsorkester under leiing av Geir Langslet. Jørn Hoel song sølvvinnaren sin frå 1986, «Inkululeko», under pausen før røystinga. Vinnaren blei røysta fram av fem juryar: To distriktsjuryar, ein folkejury, ein irsk artistjury i Dublin og ein norsk artistjury i Oslo med Elisabeth Andreasson som talskvinne. Secret Garden vann til slutt den norske finalen med klar margin.

ResultatEndra

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «Oh ramalama» After Eight Bjørn Terje Bråthen 292 3
B «Kom inn te mæ» Helga Hægeland Thomassen Stein Berge Svendsen og Helga Hægeland Thomassen Helga Hægeland Thomassen 112 8
C «Uten lyst, uten tro» Geir Rønning Geir Rønning 134 7
D «Kan ikke du» Marianne Elstad Olsen Gunnar Refsdal 79 10
E «Mens tiden går» Bente Bøe Per Fredrik Kjølner Lene Kjølner 147 5
F «La oss feire livet» Arnold B Family Thomas Børud Arnold Børud 327 2
G «Til en stjerne» Elisabeth Ødegård Widmer Bjørn Jørgensen 87 9
H «Dans» Svein O. Greger Svein O. Greger Vidar Kristensen 143 6
I «Kjærlighet for første gang» Nina Grønvold Rolf Graf 214 4
J «Nocturne» Secret Garden Rolf Løvland Petter Skavlan 404 1

RøystingEndra

Resultatet blei avgjort av fem juryar: To distriktsjuryar, ein artistjury i Dublin, ein artistjury i Oslo og ein folkejury. Jurymedlemmane røysta på alle songane, og kvart bidrag kunne få maksimalt hundre poeng.

Dei to distriktsjuryane var i Bergen og Trondheim og bestod av 20 musikkinteresserte personar. Juryen i Dublin sat på puben Kitty O'Shea med stor stemning og høgt lydnivå. Annette Groth var talskvinne og hadde problem med å høyre sendinga og programleiar Petter Nome i Oslo. Den irske juryen mista også signalet frå Noreg og kunne derfor ikkje sjå sendinga. I staden måtte dei vurdere dei norske låtane frå band.[2] I juryen sat mellom anna Niamh Kavanagh, Charlie McGettigan og Paul Harrington. Hanne Krogh las opp røystene.

Juryen i Oslo sat i studio og bestod av tidlegare Melodi Grand Prix-artistar som Jan Werner Danielsen, Per Asplin, Gro Anita Schønn, Inger Lise Rypdal, Rune Larsen, Jens Book-Jenssen, Nora Brockstedt, Karin Krog, Jahn Teigen og juryleiar Elisabeth Andreasson.

Folkejuryen var resultatet av 21 031 telefonrøyster. Sjåarane kunne røyste frå laurdagen før og like fram til sendinga. Dei kunne røyste så mange gonger dei ville, og på så mange songar som dei ønskte. Dette var første gong NRK tok i bruk telefonrøysting i Melodi Grand Prix, men det var først to år seinare at det blei teknisk mogleg å ringje inn og røyste under sjølve sendinga. Knut Bjørnsen var hovuddommar for røystinga, mens Merete Kristiansen var assistent.

Nr. Tittel Dublin Bergen Trondheim Oslo Folkejury Totalt
A «Oh ramalama» 75 85 50 40 42 292
B «Kom inn te mæ» 40 14 15 37 6 112
C «Uten lyst, uten tro» 35 22 35 33 9 134
D «Kan ikke du» 40 0 15 18 6 79
E «Mens tiden går» 55 44 5 22 21 147
F «La oss feire livet» 80 49 80 55 63 327
G «Til en stjerne» 25 18 5 33 6 87
H «Dans» 20 36 35 25 27 143
I «Kjærlighet for første gang» 70 18 50 25 51 214
J «Nocturne» 80 90 85 62 87 404

SemifinalarEndra

For første gong sidan 1988 arrangerte NRK semifinalar føre finalen. Semifinalane blei arrangerte som eit fast innslag over ni veker i tv-programmet Æres den som æres bør med Knut Bjørnsen som programleiar. Første semifinale blei halden 14. januar 1995, og siste gjekk av stabelen 18. mars. 300 hushald hadde på førehand fått brev frå NRK med to telefonnummer som dei kunne ringje inn og røyste på dei to duellantane. Dei 300 hushalda varierte for kvar semifinale.[3] I tillegg valde ein jury ut den tiande finalisten blant de ni utslåtte semifinalistane.

Duell Tittel Artist Plass Oppslutning
1 «En liten måne» Irene Bjaanes 2 23 %
«Kom inn te' mæ» Helga Hægeland Thomassen 1 77 %
2 «Dans» Svein O. Greger 1 70 %
«Sanger i regn» Betty og The Beagles 2 30 %
3 «Fly avsted» Gry Jeanette Antonsen 2 49 %
Uten lyst, uten tro Geir Rønning 1 51 %
4 «Ham og meg» Fem Damer med Mannskor 2 31 %
«Kan ikke du» Marianne Elstad Olsen 1 69 %
5 «La oss feire livet» Arnold B Family 1 52 %
«Til en stjerne» Elisabeth Ødegård Widmer 2 48 %
6 «Oh ramalama» After Eight 1 58 %
«Fjelltonelek» Tone Krohn Henriksen 2 42 %
7 «Mens tiden går» Bente Bøe 1 57 %
«Bli hos meg» Camilla Maria Myrås 2 43 %
8 «Nocturne» Secret Garden 1 52 %
«Kjære min engel» Ole Ask 2 48 %
9 «Kjærlighet for første gang» Nina Grønvold 1 65 %
«Solskinn gir liv» Elisabeth Røise og Ole-Marius Johnson 2 35 %
Juryens val «Til en stjerne» Elisabeth Ødegård Widmer

HendingarEndra

Tidlegare på kvelden hadde Dagsrevyen ein aprilsnarr der kulturminister og tidlegare Melodi Grand Prix-deltakar Åse Kleveland ville avlyse finalen same kveld på grunn av for dårlege låtar. I staden ville regjeringa la Sissel Kyrkjebø representere Noreg i den internasjonale finalen. Sjåarane blei inviterte til å ringje inn og røyste på om dei støtta regjeringa eller ikkje. Fleire tusen ringde inn, og 48 prosent var samde med regjeringa, mens 52 prosent var usamde. Fleire politikarar dukka også opp under Melodi Grand Prix-finalen, mellom anna Jan P. Syse, Kristin Halvorsen og Kjell Magne Bondevik i sketsjen Hemmeleg møte på Stortinget om MGP.[1]

Før semifinalane fokuserte pressa på at det var få kjende artistar blant deltakarane. Programleiar Knut Bjørnsen avviste at finalen var dominert av amatørar: «deltagerne er dyktige musikere, mange med lang bransjeerfaring. De har bare ikke vært helt fremst i rampelyset.» sa Bjørnsen til VG.[4] NRK møtte kritikk frå bransjen som meinte bidraga var «svake».[5] Aftenposten kalla finalen for «halvdaud» og skreiv at interessa før ein norsk finale aldri hadde vore lågare.[6] Pressa var på den andre sida samde om at «Nocturne» var den rette vinnaren, og at låten ville gjere det bra i Dublin. Dei fekk rett, for «Nocturne» sikra Noreg sin andre siger i tevlinga. Den norske finalen blei sett av 1 437 000 sjåarar.[7]

Dette året blei det også kamp mellom NRK og TV 2 om retten til å arrangere og sende Melodi Grand Prix. Som EBU-medlem har TV 2 i utgangspunktet rett til å sende tevlinga, og TV 2 ønskte at dei to kanalane skulle byte på å arrangere og sende tevlinga. NRK avviste kravet og meinte TV 2 var «idéfattige» og ikkje i stand til å avvikle eit så stort direktesendt show. TV 2s krav førte aldri fram, og NRK har framleis rettane til å produsere Melodi Grand Prix og å sende Eurovision Song Contest.[8][9]

«Kjære min engel» var eigentleg skriven for Rune Rudberg, som gav han ut på albumet Landeplager seinare i 1995. På grunn av NRK sitt ønskje om å ha berre ukjende artistar, blei låten i staden framført av Ole Ask. «Mens tiden går» skulle eigentleg framførast av Henriette Myhre, men ho hoppa av drygt eit døgn før duellen. Myhre blei erstatta av Bente Bøe, som allereie hadde deltatt som vokalist i Betty og The Beagles.

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 Norsk rikskringkasting (1. april 1995). «Melodi Grand Prix 1995 – norsk finale» (norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 3. august 2016. 
  2. Odiin, Rolf Arne (2. april 1995). «Parodi Grand Prix». Aftenposten. s. 50.
  3. Norsk rikskringkasting (14. januar 1995). «Æres den som æres bør (1:10)» (norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 3. august 1995.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  4. Nodland, Erik (4. januar 1995). «Stjerneløst G.P. med Bjørnsen som sjef». Verdens Gang. s. 45.
  5. Bakkemoen, Kurt (13. februar 1995). «Grand Prix ikke fint nok?». Verdens Gang. s. 42.
  6. Nærø, Sturle Scholz (1. april 1995). «Løvland favoritt i «halvdød» finale». Aftenposten. s. 40.
  7. Bakkemoen, Kurt (4. april 1995). «Melodi Grand Prix topper». Verdens Gang. s. 55.
  8. Nodland, Erik (6. mars 1995). «TV 2 krever Grand Prix». Verdens Gang. s. 55.
  9. Nodland, Erik (7. mars 1995). «Full krig om Grand Prix». Verdens Gang. s. 55.