Eurovision Song Contest 1995
Eurovision Song Contest 1995 (ESC 1995) var den 40. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Point Theatre i Dublin i Irland. Finalen fann stad laurdag 13. mai. Noreg vann konkurransen med den norske songen «Nocturne», framført av Secret Garden.
Eurovision Song Contest 1995 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
I Secret Garden spelte irske Fiounalla Sherry fiolin, norske Gunnhild Tvinnereim song og svenske Åsa Jinder spelte nyckelharpa.
Litauen, Estland, Nederland, Finland, Sveits og Slovenia deltok ikkje dette året på grunn av deira dårlege plasseringar året før. EBU bestemte at talet deltakarland skulle reduserast til 23 for å unngå at showet varte meir enn 3 timar. Difor trekte Italia seg, og Luxembourg slutta heilt å delta.
Makedonia hadde klar songen «Me sakas», men trekte seg ein tid før fristen.
Bidraga
endreFinale
endre- Finalen vart halden den 13. mai 1995 i Point Theatre.
- Noreg vann konkurransen for andre gong.
- Storbritannia og Malta kom på ein delt 10. plass.
- Noreg sitt bidrag, «Nocturne» av Secret Garden kom på 1. plass.
Nr. | Land | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
1. | Polen | Justyna Steczkowska | «Sama» | Polsk | 18 | 15 |
2. | Irland | Eddie Friel | «Dreamin» | Engelsk | 14 | 44 |
3. | Tyskland | Stone & Stone | «Verliebt in Dich» | Tysk | 23 | 1 |
4. | Bosnia-Hercegovina | Davorin Popović | «Dvadeset prvi vijek» | Bosnisk | 19 | 14 |
5. | Noreg | Secret Garden | «Nocturne» | Norsk | 1 | 148 |
6. | Russland | Filipp Kirkorov | «Колыбельная для вулкана» («Kolybelnaja dlja vulkana») |
Russisk | 17 | 17 |
7. | Island | Björgvin Halldórsson | «Núna» | Islandsk | 15 | 31 |
8. | Austerrike | Stella Jones | «Die Welt dreht sich verkehrt» | Tysk | 13 | 67 |
9. | Spania | Anabel Conde | «Vuelve conmigo» | Spansk | 2 | 119 |
10. | Tyrkia | Arzu Ece | «Sev» | Tyrkisk | 16 | 21 |
11. | Kroatia | Magazin & Lidija Horvat-Dunjko | «Nostalgija» | Kroatisk | 6 | 91 |
12. | Frankrike | Nathalie Santamaria | «Il me donne rendez-vous» | Fransk | 4 | 94 |
13. | Ungarn | Csaba Szigeti | «Új név a régi ház falán» | Ungarsk | 22 | 3 |
14. | Belgia | Frédéric Etherlinck | «La voix est libre» | Fransk | 20 | 8 |
15. | Storbritannia | Love City Groove | «Love City Groove» | Engelsk | 10 | 76 |
16. | Portugal | Tó Cruz | «Baunilha e chocolate» | Portugisisk | 21 | 5 |
17. | Republikken Kypros | Alexandros Panayi | «Στη φωτιά» («Sti Fotia») |
Gresk | 9 | 79 |
18. | Sverige | Jan Johansen | «Se på mig» | Svensk | 3 | 100 |
19. | Danmark | Aud Wilken | «Fra Mols til Skagen» | Dansk | 5 | 92 |
20. | Slovenia | Darja Švajger | «Prisluhni mi» | Slovensk | 7 | 84 |
21. | Israel | Liora Fadlon | «אמן» («Amen») | Hebraisk | 8 | 81 |
22. | Malta | Mike Spiteri | «Keep Me In Mind» | Engelsk | 10 | 76 |
23. | Hellas | Elina Konstantopoulou | «Ποια προσευχή» («Pia Prosefhi») |
Gresk | 12 | 68 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «ESC 1995» frå Wikipedia på bokmål, «ESC 1995» frå Wikipedia på engelsk og VG.no, den 12. april 2011.