Mi’kmaq

(Omdirigert frå Mi'kmaq)

Mi’kmaq (ofte skrive Micmac, Migmaw eller Mikmaw på engelsk, og Míkmaq, Míkmaw' eller Mìgmao på mi’kmaq) er eit aust-algonkinsk språk som blir snakka av omtrent 11,000 mi’kmaq-folk i Canada og USA, av totalt 20 000 mi'kmaq-folk.[1][2] Ordet mi'kmaq er eit fleirtalsord som tyder 'venene mine' (singularis míkm[3]); adjektivforma er míkmaw.[4]

Mi’kmaq
Míkmawísimk
Klassifisering Algisk
 Aust-algonkinsk
Bruk
Tala i Canada, USA
Område Nova Scotia, New Brunswick, Prince Edward Island, Gaspe Peninsula (Quebec), Newfoundland, Nord-Maine, Boston (Massachusetts)
Språkkodar
ISO 639-2 mic
ISO 639-3 mic

Fonologi endre

Foneminventaret i mi'kmaq er vist nedanfor.

Vokalar endre

Fremre Midtre Bakre
short long short long short long
lukka i u
Halvopen e ə o
Open a

Konsonantar endre

Labial Alveolar Palatal Velar
vanleg lab.
Plosiv p t k
Affrikat t͡ʃ
Frikativ s x
Nasal m n
Approksimant w l j

Obstruentane (/p, t, k, kʷ, t͡ʃ, s, x, xʷ/) er ustemt ordinitialt eller attmed ein annan obstruent, men allofonisk stemt [b], [d], [ɡ], [ɡʷ], [d͡ʒ], [z], [ɣ], [ɣʷ] mellom sonorantar (vokalar eller dei stemte konsonantane /m, n, w, l, j/). Ordet ⟨mi'kmaq⟩, phonemisk /miːkmax/, er uttalt [miːɡmax].

Mi’kmaq skil ikkje berre mellom lange og korte vokalar, men også mellom lange og korte konsonantar. I listuguj blir dette symbolisert med å doble konsonanten. Når lange konsonantar står framfor andre konsonantar.

Syntaks endre

Mi’kmaq har fri ordstilling, bygd på emfase heller enn på fast ordstilling setningsledda i mellom.

Skriftsystem endre

 
Stoppskilt på mi'kmaq i Elsipogtog First Nation

Mi’kmaq er skrive med det latinske alfabetet, og bruker ei rettskriving uvikla av kristne misjonærar på 1800-talet. Tidlegare brukte dei mi'kmaq-hieroglyffar, eit skriftsystem der indianarane var med og utvikla det. Francis-Smith-ortografien, som blir brukt i denne artikkelen, vart utvikla i 1974, og tatt opp som offisiell ortografi av Míkmaq Nation i 1980. Dette er den mest brukte ortografien, den blir brukt av mi'kmaqar frå Nova Scotia og av Míkmaq Grand Council. Systemet er likt den såkalla "Lexicon orthography", og skil seg frå den berre i bruken av apostrof ⟨'⟩ eller akutt aksent ⟨´⟩ heller enn kolon ⟨:⟩ for å markere vokallengde.

Ein kan erstatta i med strek ⟨ɨ⟩ med cirkumfleks-i ⟨î⟩. I Listuguj-ortografien markerer ein apostrof lang vokal, og bokstaven ⟨g⟩ blir brukt i staden for ⟨k⟩. 1800-tals stillehavsortografi bruker ikkje ⟨w⟩ og ⟨y⟩, og bruker ⟨o⟩ og ⟨i⟩ i staden. Den ignorerer også vokallengde. Ortografien til Silas Tertius Rand er også med i tabellen, den er meir komplisert enn det går fram av tabellen.

Mi’kmaq-ortografiar
IPA a e i ə k l m n o p x s t u w j
Francis-Smith a a'/á e e'/é i i'/í ɨ j k l m n o o'/ó p q s t u u'/ú w y
Listuguj a a' e e' i i' ' j g l m n o o' p q s t u u' w y
Leksikon a a: e e: i i: ɨ j k l m n o o: p q s t u u: w y
Stillehavs- a e i tj g l m n ô p s t o
Rand ă a â ĕ ā ĭ e ŭ ch c k l m n ŏ o ō b h s d t ŏŏ oo u w y

Talord endre

1 newt
2 ta'pu
3 si'st
4 ne'w
5 na'n
6 as'gom
7 lluigneg
8 ugumuljin
9 pesgunateg
10 ne'wtisga'q

Mi’kmaq bruker eit titalssystem der 10 er ne’wtisga’q og 20 er tapuisga'q.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Statistics Canada 2006, arkivert frå originalen 25. desember 2018, henta 29. november 2012 
  2. Indigenous Languages Spoken in the United States, arkivert frå originalen 23. juli 2017, henta 29. november 2012 
  3. Micmac Teaching Grammar. Delisle / Metallic 1976.
  4. Native Languages of the Americas: Mi’kmaq (Mi'kmawi'simk, Mi'kmaw, Micmac, Míkmaq)

Litteratur endre

  • Maillard, M. l'abbé, redigée et mise en ordre par Joseph M. Bellenger, ptre. 1864. Grammaire de la langue mikmaque. Nouvelle-York, Presse Cramoisy de J.M. Shea. Reprinted 2007: Toronto: Global Language Press, ISBN 1-897367-14-7
  • Delisle, Gilles L.; Metallic, Emmanuel L. 1976. Micmac Teaching Grammar. Preliminary version. La Macaza, Quebec: Manitou Community College.
  • Pacifique, Père. 1939. Leçons grammaticales théoriques et pratiques de la langue micmaque. Sainte-Anne de Restigouche, P.Q. Reprinted 2007: Toronto: Global Language Press, ISBN 1-897367-15-5
  • Rand, Silas Tertius. 1875. First reading book in the Micmac language. Halifax: Nova Scotia Printing Company. Reprinted 2006: Vancouver: Global Language Press, ISBN 0-9738924-8-X
  • Rand, Silas Tertius. 1888. Dictionary of the language of the Micmac Indians, who reside in Nova Scotia, New Brunswick, Prince Edward Island, Cape Breton and Newfoundland. Halifax: Nova Scotia Printing Company. Reprinted 1994: New Delhi & MadraSable, Trudy (2012). The language of this land, Mi'kma'ki. Sydney, NS: Cape Breton University Press. ISBN 9781897009499. Henta 21. oktober 2012. s: Asian Educational Services, ISBN 81-206-0954-9

Bakgrunnsstoff endre