Opera Software
Opera Software ASA (OSE: OPERA) er eit børsnotert selskap som utviklar nettlesaren Opera for PC-ar, handhaldne maskinar (som f.eks. mobiltelefonar) og fleire andre plattformar. Opera Software ASA blei børsnotert ved Oslo Børs i 2004. Selskapet har ein market cap på 1,8 milliardar kroner. Gründer og dagleg leiar Jon Stephenson von Tetzchner er største aksjonær.
Opera Software | |||
| |||
Org.form | Allmennaksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 916368127, 974529459 | ||
Bransje | Programvareutvikling, internettbransjen, programvarebransje, marknadsføring | ||
Skipa | 1994 | ||
Eigar | Folketrygdfondet[1] | ||
Hovudkontor | Oslo, Oslo[2] | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | Nettlesaren Opera, Opera Coast, Opera Mail, Opera Mini, Opera Mobile, programvare, Opera GX | ||
Tenester | mobilapplikasjon, datakomprimering | ||
Grunnleggjar(ar) | Geir Ivarsøy | ||
Resultat | -15 400 000 USA-dollar (2017)[3] | ||
Nettstad | https://www.opera.com/ (engelsk) |
Nettlesaren er verdast tredje mest populære. Den er kjend for å vere liten og rask, og for å følgje industristandardane. Opera Software samarbeider blant anna med IBM, Nokia, Motorola, Macromedia, Canal+ Technologies og Ericsson. Hovudkvarteret ligg i Oslo, men selskapet har og kontor i Sverige, Kina, Japan, Sør-Korea, Polen, Tsjekkia, Taiwan, India og USA.
Opera jobbar i samarbeid med Nintendo for å skape ein integrert nettlesar til spelkonsollen Wii. Ein versjon av nettlesaren har allereie blitt utgjeven.
Historie
endreSelskapet blei starta 30. august 1995 av Geir Ivarsøy og Jon Stephenson von Tetzchner. Ivarsøy og von Tetzchner var ein del av Telenor si utviklingsavdeling på Kjeller der dei utvikla ein nettlesar dei kalla MultiTorg Opera. Prosjektet blei skrinlagt av Telenor, men i 1995 fekk dei rettane til programvara og starta sitt eige firma for å vidareutvikle henne. Pr. mars 2008 har selskapet 510 tilsette, og avdelingar i fleire land.
Opera Software ASA blei børsnotert ved Oslo Børs med tickaren OPERA 11. mars 2004. Teikningskursen ved børsintroduksjon var 10,- NOK.
20. september 2005 annonserte Opera at dei ville fjerne reklamen frå nettlesaren og gjere han gratis. Opera var gratis å laste ned og bruke også før dette, men då vart det vist reklame øvst i nettlesaren om ikkje brukaren kjøpte ein lisens.
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |