Michel Sittow (ca. 14691525) var ein estisk målar frå Reval (Tallinn) i Estland som arbeidde i tradisjonen til tidleg nederlandsk målarkunst. Størstedelen av livet arbeidde Sittow som portrettmålar ved ulike hoff, for Isabella av Castilla, habsburgarar og andre i Spania og i Nederlanda. Han var ein av dei fremste flamske målarane i samtida.

Michel Sittow

Diego de Guevara, ca. 1517
Statsborgarskap De sørlige Nederlandene
Fødd 1459
Tallinn
Død

1525, 21. desember 1525 (66 år)
Tallinn

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Medlem av Knudsgildet
Far Clawes van der Sittow
Michel Sittow på Commons

Liv og gjerning endre

 
'Maria møys himmelferd', 1500

Sittow var det eldste av tre born åt finsnikkaren og målaren Clawes van der Sittow og den andre kona hans, den finlandsvenske kjøpmannsdottera Margarethe Molner. Far hans var i 1454 komen frå Mecklenburg til Reval for å gifte seg med den fyrste kona si, han var sidan med i det mektige lauget i byen, Kanutigilde. Til å byrje med lærde Michel Sittow målaryrket av far sin, frå 1484 av Hans Memling i Brugge.

Mellom 1492 og 1504 arbeidde Sittow ved hoffet til den kastiljanske dronninga, Isabella. Han var aktiv i både Toledo, Ávila, Barcelona, Madrid, Sevilla, Burgos, Granada og i andre spanske byar. Sidan var han også i teneste hos statthaldaren over Nederlanda, den burgundiske hertugen, Filip I av Castilla. Eit portrett frå den tid av den engelske kongen, Henrik VII, er truleg måla av Sittow.

Då Filip døydde i 1506 mista Sittow den viktigaste mesenen sin. Same året reiste han tilbake til Reval, der var mora var død og det vart strid om arven etter henne. Han arbeidde ei tid som hjelpar, før han i 1507 synte fram meisterverket som skulle gje han medlemskap i Kanutigilde.

År 1514 fekk Sittow i oppdrag å måle den dansk-norske kongen Kristian II i København. Deretter arbeidde han ved ulike europeiske hoff, særleg i dei sørlege Nederlanda i teneste hos statthaldaren Margarete av Austerrike, samt i Spania.

I 1517 kom han heim til Reval for godt. Året etter gifta han seg med den rike kjøpmannsdottera Dorothie Allunsze. Sittow vart i 1523 oldermann i Kanutigilde og slutta seg same året til den reformerte kyrkja. Etter alt å dømme døydde Sittow i Reval under ein pest, få dagar før julekvelden 1525. Han vart gravlagd frå Nikolaikyrkja i byen.

Michel Sittow var ein av dei teknisk sett grundigaste målarane i Europa på byrjinga av 1500-talet. Om lag 30 av verka hans finst i dag. Framom alt er portrett- og helgenbileta hans samtidige meisterverk. Han laga også bokminiatyrar og altartavler.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Michel Sittow