Mit Fried und Freud ich fahr dahin
Mit Fried und Freud ich fahr dahin, BWV 125, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 125 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 2. februar 1725 | ||
Publiseringsdato | 1878 | ||
Typisk lengd | 21:02 | ||
Satsar/akter | 6 |
Han vart komponert i Leipzig i 1725 for kyndelsmesse. Stykket vart framført på nytt 1735-1740 i Leipzig.
Teksten er henta frå Martin Luther (første og siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.
Koraltemaet er basert på salmen «Mit Fried und Freud ich fahr dahin». Den opphavlege melodien av Martin Luther vart publisert i lag med teksten hans i Geystliche Gesangk Buchleyn (publisert av Johann Walter) i Wittenberg i 1524.
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for tverrfløyte, obo d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, valthorn (i continuo i opningskoralen), samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
- «Mit Fried und Freud ich fahr dahin», koral
- «Ich will auch mit gebrochnen Augen», arie for alt
- «O Wunder, daß ein Herz – Das macht Christus, wahr' Gottes Sohn», resitativ og koral for bass
- «Ein unbegreiflich Licht», Arie for tenor & bass
- «O unerschöpfter Schatz der Güte», Resitativ for alt
- «Er ist das Heil und selig Licht», Koral
Kjelder
endre- «Mit Fried und Freud ich fahr dahin». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 125 på bach-cantatas.com