Alkor og Mizar
Alkor og Mizar (Zeta Ursae Majoris, Zeta UMa, ζ Ursae Majoris, ζ UMa) er to stjerner i Karlsvogna i stjernebiletet Den store bjørnen. Dei ligg tett inntil kvarandre, men eit skarpt auge kan skilje dei frå kvarandre. Arabarane nytta desse stjernene som ein prøve på godt syn.
Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000 | |
---|---|
Stjernebilete | Den store bjørnen |
Rektascensjon | 13h 23m 55.5s |
Deklinasjon | +54° 55′ 31″ |
Tilsynelatande storleiksklasse (V) | 2.23 |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | A2 V/A2 V/A1 V |
U−B fargeindeks | 0.09 |
B−V fargeindeks | 0.13 |
Astrometri | |
Eigarørsle (μ) | RA: 121.23 mas/år Dek.: −22.01 mas/år |
Parallakse (π) | 39.4 ± 0.3 mas |
Avstand | 82,8 ± 0,6 ly (25,4 ± 0,2 pc) |
Absolutt storleiksklasse (MV) | 0.33 |
Andre namn | |
Den tilsynelatande storleiken er 2,23 og spektralklassen er A1V. Eigarørsla til dei to stjernene indikerer at dei flyttar seg i lag og kan indikerer at dei er knytte saman av tyngdekrafta. I 2009 vart det stadfesta at Alkor er ei dobbelstjerne og består av Alkor A og Alkor B (ei raud dvergstjerne). Mizar er eit stjernesystem på fire stjerner, så heile systemet består derfor av seks stjerner.[1][2] Alkor og Mizar ligg kring 74 000 ± 39 000 astronomiske einingar eller 0,5–1,5 lysår frå kvarandre.[3] Heile seksstjernerssystemet ligg kring 83 lysår frå jorda.[4][5][6]
Namnet Alkor er arabisk og tyder «Den lille ryttaren» og kjem frå det frå det persisk khwar som tyder «den venelause». Namnet Mizar kjem òg frå arabisk og tyder «livreim» eller «belte».
Det latinske ordtaket Vidit Alcor, et non lunam plenam eller «han såg Alkor, men ikkje fullmånen», blir brukt om ein som er opptatt av uviktige ting, men er blind for hovudsaka.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alkor» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ First Known Binary Star Is Discovered to Be a Triplet, Quadruplet, Quintuplet, Sextuplet System
- ↑ Parallactic motion for companion discovery: an M-dwarf orbiting Alcor
- ↑ Discovery of a Faint Companion to Alcor Using MMT/AO 5 μm Imaging
- ↑ Perryman, M. A. C.; Lindegren, L.; Kovalevsky, J.; et al. (July 1997), «The Hipparkos Catalogue», Astronomy and Astrophysics 323: L49–L52, Bibcode:1997A&A...323L..49P
- ↑ van Leeuwen, F. (November 2007), «Validation of the new Hipparkos reduction», Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–664, Bibcode:2007A&A...474..653V, arXiv:0708.1752, doi:10.1051/0004-6361:20078357
- ↑ Perryman, Michael (2010), The Making of Historie's Greatest Star Map, Heidelberg: Springer-Verlag, doi:10.1007/978-3-642-11602-5
- Alkor. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/Alkor.
Bakgrunnsstoff
endre- Mizar and Alcor articles at Jim Kaler's Stars website
- First very high resolution imaging of Mizar A (using aperture synthesis)
- A New View Of Mizar (a comprehensive article about the system)
- Alkor og Mizar på WikiSky: DSS2, SDSS, GALEX, IRAS, Hydrogen α, X-Ray, Astrophoto, Sky Map, Artiklar og bilete