Den store bjørnen

(Omdirigert frå Karlsvogna)

Den store bjørnen (frå latin Ursa major) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.

Den store bjørnen
Den store bjørnen
Den store bjørnen
Latinsk namn Ursa major
Forkorting UMa
Genitivsform Ursae Majoris
Symbologi Urgammalt, moglegvis det eldste namnet
Rektasensjon 10,67 h
Deklinasjon 55,38°
Areal 1280 kvadratgrader
nr. 3 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
6
Sterkaste stjerne Alioth (ε UMa) (1,76. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −30°

Namnet

endre

Bjørnenamnet kan sporast tilbake til mange kulturar verda rundt, frå indianarane i Nord-Amerika til indarane i India.

Det samiske namnet på stjernebiletet er Dávggát, stom tyder «bogane». Dette syner til myta om Gállábártnit eller Orions belte, som jaktar på himmelelgen Sarva. Dersom dei nokon gong får skote Elgen, vil alle stjernene falle ned på jorda og verda går under.[1]

Karlsvogna

endre

Karlsvogna er ein asterisme (ein mindre del av eit stjernebilde) som høyrer til Den store bjørnen. Asterismen er danna av dei sju mest lyssterke stjernene i Den store bjørnen. Ei rett linje gjennom «bakhjula» (Merak-Dubhe), forlenga fem gonger avstanden til hjula mot nord, treff Polarstjerna. Ei rett linje frå Megrez gjennom Polarstjerna treffer Schedar i den karakteristiske W-en i stjernebiletet Kassiopeia (som står omtrent like langt frå Polarstjerna som Karlsvogna), og vert denne forlenga vidare, går han tett forbi dei to bakarste stjernene i Pegasus-firkanten og skjer himmelekvator nær vårjamdøgnspunktet. Den krumme vognstanga forlenga sørover treffer først Arcturus i Bjørnepassaren og seinare Spica i Jomfrua.

Omgrepet vogn er ålment kjent i fleire språk. Forklaringa av førsteleddet Karl (norrønt, 'mann') er omstridd, men kan henge saman med tilnamnet til guden Tor, Torekarl. Det kan òg sjåast i samanheng med eit liknande mindre stjernebilete i Den vesle bjørnen som på norrønt heitt Kvennavagn, «Kvinnevogn».

Kjende objekt

endre
 
Stjernebiletet Den store bjørnen slik det er for det nakne auga.

Stjerner

endre

Karlsvogna består av sju lyssterke stjerner og er eit av dei mest kjende bileta på himmelen. Desse stjernene er:

Utanom Dubhe og Alkaid (Eta Ursae Majoris), har stjernene i Karlsvogna same eigenrørsle mot eit felles punkt i Skytten.

Merak og Dubhe er nyttige til å finne Polaris eller Nordstjerna. Ved å trekkje ei linje mellom dei to, vil den vidare linja treffe Polaris og syne retninga mot nord.

W Ursae Majoris er prototypen på ein klasse kontakt- og variable stjerner, og varierer mellom 7,75m og 8,48m.

47 Ursae Majoris er ei sol-liknande stjerne med tre planetar.[4] 47 Ursae Majoris b, vart oppdaga i 1996, og går i bane kvar 1078 dagar med ein masse som er 2,53 gonger så stor som Jupiter.[5] 47 Ursae Majoris c, oppdaga i 2001, nyttar 2391 dagar på ein bane rundt stjerna og er 0,54 gonger massen til Jupiter.[6] 47 Ursae Majoris d, vart oppdaga i 2010, og har ein uviss periode, mellom 8907 og 19097 dagar. Massen er 1,64 gonger massen til Jupiter.[7] Stjerna har storleiksklasse 5,0 og ligg kring 46 lysår frå jorda.[4]

Stjerna TYC 3429-697-1 er blitt rekna som statsstjerna til Delaware, og vert uformelt kalla Delawarediamanten.[8]

Djupromsobjekt

endre

Det finst fleire galaksar i Den store bjørnen, inkludert Messier 81 (ein av dei mest lyssterke galaksane på himmelen) og Messier 82, Spinneteingalaksen (M101), ein spiral nordaust for η Ursae Majoris. Spiralgalaksane Messier 108 og Messier 109 ligg òg i dette stjernebiletet. Den lyssterke planetariske tåka Ugletåka (M97) ligg langs botnen av Karlsvogna.

Kjelder

endre
  1. Gaski, Harald. (14. februar 2009). Dávggát. I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015 frå https://snl.no/D%C3%A1vgg%C3%A1t.
  2. See generally Mark R. Chartrand III (1983) Skyguide: A Field Guide for Amateur Astronomers, s. 1,5 (ISBN 0-307-13667-1).
  3. Ridpath, at s. 136.
  4. 4,0 4,1 Levy 2005, s. 67.
  5. «Planet 47 Uma b». The Extrasolar Planet Encyclopaedia. Paris-observatoriet. 11. juli 2012. Henta 15. juli 2012. [daud lenkje]
  6. «Planet 47 Uma c». The Extrasolar Planet Encyclopaedia. Paris-observatoriet. 11. juli 2012. Henta 15. juli 2012. [daud lenkje]
  7. «Planet 47 Uma d». The Extrasolar Planet Encyclopaedia. Paris-observatoriet. 11. juli 2012. Henta 15. juli 2012. [daud lenkje]
  8. Delaware Facts and Symbols - State Miscellaneous Symbols, delaware.gov. Henta June 17, 2008.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den store bjørnen